Nyheter

Norge med i internasjonalt forum for CO2-handsaming

CO<sub>2</sub>-handsaming er med på å redusere utsleppet av drivhusgassar.

Publiseringsdato: 2. juli, 2003

Skrevet av: Hanne Bakke

Som eit av fleire land har Norge gått med i ”Carbon Sequestration Leadership Forum”. Forumet skal stimulere til forsking innan CO2-handsaming for å gjere fossilt brensel reinare, både ved å fjerne CO2 ved utsleppet og ved underjordisk deponering.

 

 

Som eit av fleire land har Norge gått med i samarbeidet ”Carbon Sequestration Leadership Forum”. Med i samarbeidet er EU, USA, Brasil, Canada, Italia, Japan, Kina, Russland og Storbritannia. Avtalen vart underskriven i Washington onsdag 25. juni, og forumet skal stimulere til forsking innan CO2-handsaming for å gjere fossilt brensel reinare, både ved å fjerne CO2 ved utsleppet og ved deponering i underjordiske lager. Dette skal hjelpe til å redusere utsleppet av divhusgassar.

For Norge var det statssekretær Brit Skjelbreid frå Olje- og energidepartementet som signerte avtalen. OED seier i ein pressemelding at Norge vart invitert med i samarbeidet rundt årsskiftet og har store forventrningar til avtalen, spesielt med tanke på bruk av CO2 til auka oljeutvinning.

Ved underteikninga av avtalen sa visepresident i Europakommisjonen, Loyola de Palacio :

«Vi har forplikta oss til å nå måla frå Kyoto-protokollen gjennom auka bruk av fornybare energikjelder, og meir effektiv bruk av energi. Alle desse tiltaka går som planlagt gjennom ny lovgjeving innført dei siste åra. CO2-handsaming utfyller desse tiltaka. Denne avtalen gjev moglegheiter til djupare kutt i utsleppa utanfor Kyoto 2012 horisont, som eit ytterlegare bidrag i kampen mot klimaendringar.»

Kvifor CO2– handsaming?
Mengda CO2 i atmosfæren er aukande på grunn av at utslepp frå bruk av fossilt brensel forsterkar den naturlege drivhuseffekten, noko som fører til klimaendringar. Kraftproduksjon, transport, industri og hushald bidreg alle til denne auken. EU forplikta seg i Kyotoprotokollen til å redusere utsleppet av drivhusgassar med 8% i perioden 2008-2012, samanlikna med 1990 utsleppsnivå.

I pressemeldinga EU sende ut i høve underskrivinga av avtalen seier dei at for å stabilisere konsentrasjonen av drivhusgassar i atmosfæren til akseptable nivå, er større kutt i utsleppa nødvendig. Det må reduserast meir enn 50% globalt dei neste 50 åra. CO2 –handsaming kan hjelpe til med å nå dette målet ved å fjerne CO2 ved utsleppet, og ved underjordisk lagring i geologiske formasjonar.

EU nemner og andre alternativ for å begrense CO2-utslepp i energi- og transportsektoren som å redusere forbruket, auke energieffektiviteten, bruke bio-drivstoff og auke bruken av energikjelder med låg- til nullutslepp (som fornybare kjelder).

Industritiltak
Energiproduksjon basert på kol-kraft er venta å auke mykje i dei komande ti-åra. CO2-handsaming kan nyttast både på kol-kraftverk og kraftverk som blir drivne med naturgass. CO2– fjerning og lagrings- teknologiar er mest høveleg i samband med større energi produksjons einingar som kraftverk og oljeraffineri. CO2-handsaming opnar for nye industrielle moglegheiter som produksjon av hydrogen saman med elektrisitet frå fossile kjelder. CO2 som vert produsert som eit bi-produkt kan fjernast og deponerast underjordisk.

I følgje pressemeldinga kan den europeiske marknaden for CO2-handsaming kan vere stort nok til å utvikle seg til ein sterk industrisektor. CO2–handsaming er i midlertid ikkje økonomisk konkurransedyktig pr i dag. Men sidan det er heilt nødvendig med omfattande større kutt i CO2-utslepp i framtida kan CO2-handsamingsteknologi vise seg å bli særs økonomisk attraktivt.

Korleis verkar CO2-handsaming?
EU understrekar at for at CO2-deponering skal vere ein effektiv måte å redusere risikoen for klimaendringar på må CO2‘en lagras for tusenvis av år. Denne lagringa må ha liten innverknad på miljøet, akseptable kostnader og vere i samsvar med nasjonale og internasjonale lover. Dei viktigaste alternativa til deponeringsstader er tomme olje og gass reservoar, djuptliggjande saltvatnsreservoar og kol-felt som ikkje er råd å utvinne. I dag vert CO2 injisert i bakken i mange oljefelt for å auke produksjonen og feltet sin levetid.

Underjordisk lagring av naturgass er i dag mykje nytta og har ingen sikkerheitsriskar. Men sidan CO2 er ein kvelande gass og tyngre enn luft må ein setje i verk strengast mogeleg sikkringstiltak for å forhindre lekkasje, eller plutselege store utslepp grunna seismisk aktivitet. Grunnvatnet må også vernast. Slike sikringstiltak er noko av det samarbeidet ”Carbon Sequestration Leadership Forum” skal forske på.

Les meir om CO2-handsaming, og sjå bilete frå underteikninga av erklæringa til ”Carbon Sequestration leadership Forum”.

Les og artikkel frå EurActiv om samarbeidet.