Nyheter

Storsatsing på marin energi og CO2-deponering

Publiseringsdato: 3. august, 2004

Skrevet av: Hanne Bakke

Storbritannia ser mot Nordsjøen for å finne løysingar på sine klimaforpliktingar. Både CO2-deponering, tidvatnenergi og bølgjekraft er noko av det britane no vil satse på.

 

Storbritannia:

 

 

I løpet av kort tid skal det britiske Department for Trade and Industry (DTI) leggje fram sine omfattande Nordsjø-planar, noko som er venta å setta fart i CO2-deponeringsdebatten i Storbritannia. I følgje The Observer kjem Nordsjø-planane i kjølvatnet av at britiske styresmakter har lova å meir enn halvere utsleppa av klimagassar innan 2050. Det er venta at deponeringsplanene, som skal sendast ut på høyring, vert lansert seinare denne veka.

I tillegg til planar om å deponere millionar av tonn med CO2 i geologiske formasjonar under havbotnen i Nordsjøen, vart det i går kjent at DTI løyver 50 millionar pund til prosjekt innan bølgje- og tidvatnkraft. Denne satsinga på energiproduksjon til havs kjem truleg som ein konsekvens av dei stadig kraftigare protestane som no kjem mot vindmøller.

– Ein kjem ikkje utanom CO2-handsaming
Den britiske energiministeren Stephen Timms seier til The Observer at deponeringsplanane kan setjast ut i live i 2020, og dei mest eigna stadene for å lagre CO2 er i brukte olje- og gassreservoar under Nordsjøen.

Han seier vidare at trass i framsteg med reine fornybare energikjelder og framtidig betring i energieffektivisering, kjem ein ikkje utanom CO2-handsaming for å møte dei klimamål Storbritannia har forplikta seg til.

Ei satsing på CO2-deponering inneber store kostnader og gjer at det i britisk media allereie vert spekulert i om styresmaktene førebur seg på å velje mellom å finansiere CO2-deponering eller atomkraft for å oppnå dei sette utsleppsmåla.

Timms understreka at ein framleis vil vere avhengig av kol og gass i lang tid framover. Nordsjø-planane som skal ut på høyring ser fyrst og fremst på korleis ein ved hjelp av betre energiproduksjonsteknikk kan redusere utsleppet av klimagassar. Dernest vil den fokusere på CO2-handsaming og deponering. Timms ser på dette som eit viktig element i å oppnå dei mål regjeringa har sett.

Satsar stort på marin energi
I går vart det altså klart at DTI set av 50 millionar pund for å gjere Storbritannia verdsleiande når det gjeld å ta i bruk bølgjer og tidvatn til energiproduksjon. Pengane vert sett i eit fond – Marine Research Development Fund – som skal gje støtte til innovative bedrifter i heile Storbritannia som kan gjere sine forskings- og utviklingsresultat tilgjengeleg på marknaden.

Den nye storsatsinga på marin energi vert grunngjeven med at Storbritannia tek sitt klimaansvar alvorleg, og at dei forvaltar heilt unike ressursar når det gjeld tidvatn og bølgjekrefter.

Kan gje 7000 arbeidsplassar i Skottland
Gårsdagens storløyving kom samstundes med lanseringa av ein rapport frå Scottish Executives Forum for Renewable Energy Development som viser at marin energi truleg vil stå for 10% av elektrisitetsbruken i Skottland i 2020. Satsinga på bølgje- og tidvatnkraft er særs gode nyhende for skottane ettersom Nordaust-Skottland er sett på som særs høveleg for igangsetjing av slike prosjekt. Rapporten estimerer at det kan skapast opp til 7000 arbeidsplassar innan fornybar energi i Skottland som følgje av løyvinga.