Nyheter

Oppmodar Russland om å ratifisere Kyotoavtalen

Publiseringsdato: 18. mars, 2003

Skrevet av: Hanne Bakke

Ein delegasjon frå EU reiste i førre veke til Russland for å diskutere ein ratifisering av Kyotoavtalen.

Delegasjonen bestod av EU sin Miljøkommisær Margot Wallström, Hellas sin miljøvernminister Vasso Papandreou, som også har presidentskapen i EU sin Miljøkommisjon og den italienske miljøvernministeren Altero Matteoli. Russland har lenge meldt at dei skal ratifisere avtalen, noko som er viktig for at den skal tre i kraft. Russland står aleine for 17,4% av utsleppa på 1990 nivå.

Har signalisert vilje
Kyotoprotokollen stiller som krav at 55 statar ratifiserer den før den trer i kraft, dette talet er for lengst passert og kriteriet er såleis innfridd. Eit anna krav, er at den også må ratifiserast av land som står for minst 55% av klimagassutsleppa i 1990. USA, som åleine står for ca 35% av verdas samla utslepp av klimagassar, trakk seg frå forhandlingane våren 2001, og kjem ikkje til å ratifisere avtalen i dens noverande form. Saman med Russland har også Kina signalisert at dei vil ratifisere avtalen, og med deira tilslutning vil protokollen sine krav vere oppfylt.

EU ser fram til tettare samarbeid
Til Europa World seier Miljøkommisær Wallström at verda no ventar på at Russland viser at dei er klare og villige til å bli ein viktig aktør i dei multilaterale innsatsen i kampen mot klimaendring. Ho seier vidare at ho stolar på at Russland vil leve opp til sitt ansvar og politiske forpliktingar, og at EU ser fram til eit enno tettare samarbeid med Russland i kampen mot klimaendringar.