En mer bærekraftig mineralnæring
Høyre, Venstre og Krf har fremmet et representantforslag til Stortinget om mer landbasert mineralutvinning og sirkulærøkonomi. Bellona er positive ti...
Nyheter
Publiseringsdato: 4. september, 2003
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
I slutten av august vart verdas første taxibåt driven av hydrogen brenselceller sett på vatnet i Newport Beach, California. Dette markerte opninga på den 30 dagar lange test-perioden båten skal gå i trafikk i hamnebassenget i Newport Beach. Prosjektet har som mål å demonstrere bruksområda for brenselceller i båtar og anna utstyr ved større hamner. Allereie i 2000 starta planlegginga av å utstyre taxibåtar med hydrogen brenselceller.
Utvidar rekkevidda
Ein standard Duffy-Herreshoff 30 el-båt har fått installert eit hydrogen lagrings- og tilførselssystem saman med ein PEM brenselcellemotor. Protonbyttemembran (PEM) brenselceller til transportformål og mobil kraftforsyning er overlegen batterier og dei andre brenselcelletypene, først og fremst fordi PEM-benselcellene er lette og robuste.
–> Hydrogen lagrings- og tilførselssystemet på båten har ein kapasitet på 3kW og veg i underkant av 75 kg. Dette systemet leverer drivstoffet til dei fire 1,5 kW brenselscellene som er sett inn i staden dei vanlege batteria denne båttypen er utstyrt med. Brenselcellene gjer at båten aukar rekkevidda si, og gjer det mogeleg å lade batteria ombord frå brenselcella utan å måtte legge til kai for få straum. Med vanlege batteri må el-båten ladast etter 10 timar i bruk.
Taxibåten er 30 fot lang og kan frakte opp til 18 passasjerar. Test prosjektet er eit samarbeid mellom Millennium Cell, Seaworthy Systems, Duffy Electric Boat og Anuvu Inc. Finansieringa kjem frå The Commercial Deployment of Transportation Technologies.
Høyre, Venstre og Krf har fremmet et representantforslag til Stortinget om mer landbasert mineralutvinning og sirkulærøkonomi. Bellona er positive ti...
Enova deler for første gang ut penger til bruk av fanget CO2, noe Bellona mener er helt feil prioritering. Lagring av CO2 er det absolutt viktigst...
Styret i Miljøstiftelsen Bellona har ansatt Nina Hjellegjerde som ny daglig leder. Hjellegjerde har lang erfaring fra ledelse i internasjonale organi...
– Store utslipp kan kuttes over de neste ti årene hvis offensiv politikk kommer på plass tidsnok. Nå trengs et brudd med den lange tradisjonen norske...