Nyheter

Gje Sauda ein rein fjord

Bellona sitt miljøpatruljeskip S/S Kallinika på veg ut frå Sauda måndag kveld.
Foto: Frederic Hauge/Bellona

Publiseringsdato: 31. august, 2004

Skrevet av: Hanne Bakke

Knuste steinmassar som isolasjon på forureina sediment inst i Saudafjorden er ein miljømessig vinn-vinn situasjon. For å få til dette må miljøvernministaren vise handlekraft.

Miljøpatruljen:

Når kraftutbygginga i Sauda tek til etter nyttår sit ein att med store steinmassar frå sprenginga av tunnelløpa. Desse massane er det planlagt skal dumpast/deponerast på 120 meters djup lenger ute i fjorden. Fleire partar har no teke til ordet for at det fins ei anna, meir miljøvenleg løysing, på kva som bør skje med desse massane.

På eit møte mellom Saudafallene, Eramet og Bellona i Sauda måndag vart det semje om å gå inn for at massane i staden bør knusast og nyttast til å isolere dei forureina sedimenta inst i fjorden. Dette er ei løysing alle partar vil vere tente med og som gjer det mogeleg å endeleg få isolert miljøgiftene som i årevis har bygd seg opp inst i fjorden.

Men tida er knapp og for at dette skal bli ein realitet er det viktig at miljøvernminister Hareide syner handlekraft og får dette inn på statsbudsjettet no i haust. Dette hastar fordi allereie i mars 2005 er det venta at steinmassane byrja å komme frå utbygginga.

Sauda fortener ein rein fjord
– No treng vi handling og ikkje tomt prat. Kjenner politikarane si besøkelsestid no kan ein få til ei fantastisk miljøløysing, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.

Hauge seier at om ikkje Hareide nyttar denne moglegheiten til å drive godt miljøvern vurderer Bellona å påklage planane om deponi og ein risikerer dermed ein utsetting av heile krafutbygginga.

– Sauda-samfunnet har dei siste åra gjort ein stor miljøinnsats og fortener ein rein fjord. Med denne saka har miljøstyresmaktene ein sjanse til å gje noko tilbake, meiner Hauge.

Steinmassane ein ressurs
Steinmassane som vert tekne ut ved utbygginga må sjåast på som ein ressurs som gjer det mogeleg å gjenomføre eit positivt tiltak i Saudafjorden. Vanlegvis er det eit problem å få tak i nok masse til å gjennomføre denne typen tildekking av forureina sediment.

Metoden er tidlegare nytta til dømes på Sørlandet der gravemassar frå vegarbeid vart brukt til å dekke over fjorbotnen utafor Falconbridge i Kristiansand. Dette er eit pilotprosjekt og så vidt Bellona kjenner til er det berre positive erfaringar med dette.

To fluger i ein smekk
Ved å legge knust stein oppå ureina sediment kan ein isolere miljøgiftene der dei er og slepp kostbar graving på fjordbotnen. Ei slik løysing gjer at ein slepp oppvirvling og spreiing av miljøgiftene, og deponering av desse når dei vert tekne på land. Ein unngår dessutan problemet med kor i alle dagar ein skal lagre slike giftige massar.

I Sauda har ein med andre ord moglegheiten til å slå to fluger i ein smekk; kvitte seg med store overskotsmassar ved tunnelgraving og samstundes betre miljøtilhøva inst i Saudafjorden.

Fylkesmannen: Tildekking god løysing
I samband med tiltaksplanarbeidet for forureina sediment har Fylkesmannen i Rogaland laga ein fase 1-rapport om tilstanden i fjorden og mogelege løysingar. For det aktuelle området står det følgjande:

 

«2.4.6. Konklusjon for delområdet (nord for Ramsnens). Delområdet er som nevnt karakterisert av meget høyt nivå av enkelte stoff, bl. a. PAH. Det er dessuten en relativt stor spredningsfare fra dette delområdet til andre delområder. Vi foreslår derfor tildekking som tiltak for å stanse resuspensjon og spredning av de forurensede sedimentene.»