Nyheter

Saudafjorden må prioriterast no

Bellona sitt miljøpatruljeskip S/S Kallinika på veg ut frå Sauda måndag kveld.
Foto: Frederic Hauge/Bellona

Publiseringsdato: 6. september, 2004

Skrevet av: Hanne Bakke

Miljøvernministeren må prioritere ei miljøløysing for Saudafjorden på statsbudsjettet som kjem i oktober. Tidsaspektet ved denne saka er avgjerande, og statsråden må handle no i og med at masseuttak vil starte allereie i andre halvår 2005.

Bellona sendte fredag 3. september eit brev til miljøvernminister Knut Arild Hareide der statsråden vert oppmoda om at Miljøverndepartementet umiddelbart og med stor kraft legg til rette for at dei utsprengte tunnelmassane som vil oppstå i tilknyting til den komande utbygginga av Saudafallene vert nytta til isolering av svært forureina sediment inst i Saudafjorden.

Når kraftutbygginga i Sauda startar etter nyttår gjev dette ein unik moglegheit til å nytte 1 million m3 steinmassar som ein ressurs i gjennomføringa av eit miljøprosjekt i Saudafjorden. I staden for å dumpe massane i eit deponi på 120 meters djup lenge rute i fjorden, eller lang omfattande transport bør massane knusast til riktig storleik for å nyttast til dekke til forureina sjøbotn inst i fjorden, nord for Ramsnes. Resultatet vert ein reinare fjord og fornuftig utnytting av overskotsmasse.

Kostnadane med knusing av massane og tildekking vil verte høgare enn ved ein rein deponering, og Bellona meiner derfor dette må inn på årets statsbudsjett. Tidsaspektet ved denne saka er avgjerande i og med at masseuttak vil starte allereie i andre halvår 2005.