Nyheter

Petroleumsaktivitet i Barentshavet

Publiseringsdato: 6. januar, 2010

Dette faktaarket gjennomgår kort petroleumsverksemda på norsk side i Barentshavet, samt dei politiske vedtaka som har sett rammer for aktiviteten frå ein starta å vurdere dette på 70-talet og fram til ein la fram den heilskaplege forvlatnings¬planen for Lofoten og Barentshavet våren 2006.

Den første petroleumsaktiviteten i Norge starta med funnet av olje på Ekofisk i 1969, og dei kommande åra var verksemda difor lokalisert i Norsdsjøen. På 70-talet byrja ein å debattere om ein også skulle opne for å leite etter olje og gass også lenger nord. Debatten om oljeboring nord for 62. breiddegrad (Stad), møtte fyrst lite motstand, men vart etterkvart ein debatt der økonomisk vekst kom til å stå mot verne- og miljøinteresser. Skepsisen auka utover 70-talet, og motstanden kom til syne hjå SV, Senterpartiet, Venstre og delar av Arbeiderpartiet (Omdahl 1987).

I 1977 opplevde så Noreg si fyrste ukontrollerte utblåsing på ei oljeplattform gjennom Bravoulykka. Denne hendinga bidrog til å synleggjere risikoen verksemda medførte og dessutan den manglande oljevernberedskapen. Ulykka, samt indre usemje i Arbeiderparti-regjeringa, medførte at planane om leiteboring i nord vart utsett fleire gonger, men i 1979 kom klarsignalet frå fleirtalet på Stortinget, og den fyrste aktiviteten starta på Tromsøflaket i 1980 (Ryggvik og Smith-Solbakken 1997, St. Meld. Nr 38 (2003-2004)).

Konsekvensutgreiing og opning
22. mars 1985 fekk Noreg ei ny lov om petroleumsverksemd. Lova henta inspirasjon frå ein byrjande internasjonal trend om konsekvens­utgreiingar, og er videreført i dagens petroleumslov av 29. november 1996 nr.72 kor det i § 3-1 slår fast at ”Før åpning av nye områder med sikte på tildeling av utvinningstillatelser, skal det finne sted en avveiing mellom de ulike interesser som gjør seg gjeldene på det aktuelle området.” Ein har med andre ord lagt opp til å utarbeide konsekvensutgreiingar før ein opnar nye havområde for petroleumsverksemd. Sjølv om ein allereie tidleg på 80-talet hadde sett i gang noko leiteverksemd i Barentshavet, såg ein ikkje på området som opna på generelt grunnlag. Den fyrste lovpålagde utgreiinga for å vurdere opning av eit havområda omhandla Barentshavet Syd og gjekk føre seg i 1985-1989. Det var tautrekking mellom petroleumsforvaltninga og miljøforvaltninga, og petroleumsforvaltninga fekk gjennomslag for at berre leiteboring, og ikkje heilårs petroleumsproduksjon, skulle utgreiast. I 1989 opna så Stortinget Barentshavet syd, med unntak av Troms II for leiteboring. Troms II vart spart på grunn av omsynet til fiskeria og naturressursane. Barentshavet nord, det vil seie havområdet nord for Bjørnøya, er ikkje opna for petroleumsverksemd (Berge 2005, St.meld. nr. 40 (1988-89)).

Stengeperiode og ny utgreiing
Hausten 2001 tiltrådte Bondevik II regjeringa, ei koalisjonsregjering av Høgre, Kristeleg folkeparti og Venstre. I regjeringserklæringa (Sem-erklæringa) lova ein at ein skulle konsekvensutgreie heilårleg petroleumsproduksjon og dessutan lage ein forvaltningsplan for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten, samt å vurdere petroleumsfrie fiskerisoner. Medan dette vart gjort, vart det ikkje opna for petroleumsaktivitet i området, med unntak av vidare aktivitet på Snøhvit (sjå eige avsnitt). Forvaltningsplanen skulle vurdere samla miljøpåverknad i havområdet og baserast på utgreiingar om petroleumverksemd, skipsfart, fiskeri og ytrepåverknad.

I juli 2003 la regjeringa fram den fyrste utgreiinga om petroleum, men utgreiinga følgde ikkje lovpålagde krav til konsekvensutgreiingar og vart difor kalla ei ”utgreiing av konsekvensar”. Deretter gjenopna Bondevik II-regjeringa Barentshavet syd for petroleumsverksemd 15. desember 2003, med unntak av kystnære områder i Troms og Finnmark, polarfronten, iskanten og området rundt Bjørnøya. Resten av området vart gjenopna med strengare utsleppskrav enn på resten av norsk sokkel. Petroleumsfrie område vart ikkje vurdert eller oppretta (Berge 2005). Statoil og Hydro bora vinteren 2004/2005 i Barentshavet.

Då den raudgrøne regjeringa av Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet overtok regjeringsmakta hausten 2005, overtok dei også arbeidet med å ferdigstille den heilskaplege forvaltningsplanen for Lofoten og Barentshavet. 31. mars 2006 vart forvaltningsplanen lagt fram gjennom St. Meld nr St.meld. nr. 8 (2005-2006).

Forvaltningsplanen konkluderte med at ein ikkje skulle sette i gang petroleumsverksemd i Lofoten og Vesterålen (Nordland VI, Nordland VII og Troms II). Dette er område som heller ikkje til det dåverande tidpunkt hadde hatt status som opna område. Når det gjaldt Barentshavet, tillèt ein heller ikkje petroleumsverksemd ved iskanten og polarfronten, langs eggakanten frå Tromsøflaket og nordover, eller i en sone på 65 km rundt Bjørnøya. Ein varsla at ein ikkje skulle setje i gang ny aktivitet i et belte på 50 km fra grunnlinja langs kysten av Troms og Finnmark. I området frå 35-50 km gjorde ein unntak for tidlegare tildelingar, samt tildelingar gjort i 19. konsesjons­runde, same dag som forvaltningsplanen vart lagt fram (OED 31.03.06, St. Meld. nr 8 (2005-06)). Forvaltningsplanen for Lofoten og Barentshavet skal opp til ny vurdering i Stortinget i 2010.

Petroleumsproduksjon i Barentshavet

Det fyrste petroleumsfunnet i Barentshavet var Snøhvit-feltet som vart oppdaga i 1984. Lenge meinte rettighetshaverne at prosjektet var ulønnsamt. Høgare gassprisar, samt at Arbeidarparti-regjeringa la til rette for skattelette for prosjektet hausten 2001, endra dette. 11. januar 2002 la Bondevik II-regjeringa fram St. prp. nr. 35 (2001-2002) der ein opna for utbygging og drift av Snøhvit LNG, det vil seie gassressursane på Snøhvit-feltet. Utbygginga vart vedteken av Stortinget 7. mars 2002. Statoil starta utbygginga, men stansa arbeidet etter at ESA retta kritisk søkelys mot det gunstige skatteregimet til prosjektet, etter klage frå miljøstiftinga Bellona. Regjeringa endra støtteordninga til distriktsstøtte, noko ESA godtok den 31. mai 2002. Prosjektet omfattar førekomstane Snøhvit, Albatross og Askeladd, og blei den første petroleumsutbygginga i Barentshavet og det første gassprosjektet i Europa basert på produksjon av flytende, nedkjølt naturgass (LNG). Snøhvit-anlegget starta produksjonen hausten 2007.

I tillegg til Snøhvit-funnet er det berre gjort eit anna større petroleumsfunn i Barentshavet som ein reknar som kommersielt drivverdig. Hausten 2000 boret Norsk Agip (seinare ENI) en avgrensningsbrønn i området Finnmark Vest og fant oljefunnet 7122/7-1 ”Goliat”, lokalisert 85 km nordvest for Hammerfest (PL 229). Våren 2009 vedtok Stortinget å godkjenne ENIs Plan for utbygging av drift (PUD) av Goliat, og la dermed til rette for drift av det fyrste oljefeltet i Barentshavet. Før oljeproduksjonen kan starte på feltet, må likevel ENI få løyve frå Klima- og forureiningsdirektoratet (tidligare SFT). Søknaden er venta i 2011.

Kjelder
St. meld. nr 40 (1988-89) Åpning av Barentshavet syd for letevirksomhet

St. meld. nr. 38 (2003-2004) Om petroleums­virksomheten

St. Meld. Nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten (forvaltningsplan).

Berge, Unni (2005) Petroleumsaktivitet i Barentshavet: Konflikt eller sameksistens? Masteroppgåve i statsvitskap, Universitetet i Oslo

Ryggvik, Helge og Marie Smith-Solbakken (1997) Blod, svette og olje. Norsk oljehistorie, bind III. Oslo: Ad Notam Gyldendal

OED (31.03.06) Pressemelding. Tildelinger i 19. konsesjonsrunde. Nr 38/06

Omdahl, Arne (1987) Oljeboring nord for 62 breddegrad. Analyse av en beslutningsprosess. Hovedoppgave i administrasjon- og organisasjons­vitenskap, Universitetet i Oslo.

Samarbeidsregjeringa (2001) Regjeringsplattform