Nyheter

Oljetankar på grunn trugar Pakistan

"MV Tasman Spirit" ligg berre nokre hundre meter frå stranda i Karachi.
CNN

Publiseringsdato: 14. august, 2003

Skrevet av: Hanne Bakke

Myndigheitene i Karachi har slege katastrofealarm etter grunnstøytinga av ein oljetankar med meir enn 67 000 tonn råolje ombord.

Pakistan står overfor ein potensiell miljøkatastrofe og fryktar at den grunnstøytte tankaren «MV Tasman Spirit» skal knekke i fleire deler. Oljen strøymer kontinuerleg ut av fleire sprekker i skroget, noko som har tvunge bergingsmannskapa til å avblåse ein pågåande tømmingsaksjon.

Den 24 år gamle greske tankaren var leigd inn av det pakistanske statsreiarlaget PNSC då den gjekk på grunn ved fjøre sjø nær Karachi 28. juli.

Internasjonal hjelp
Myndigheitene vedgår sjølv at dei ikkje har godt nok utstyr til å handsame ei slik krise, men seier førebyggande tiltak er iverksett for å redusere skadeomfanget i hamneområdet, melder BBC.

Sidan Pakistan sjølv ikkje har nok ressursar til å handsame situasjonen får landet internasjonal hjelp av ekspertar frå Nederland, Storbritannia og Hellas. Frå nabolandet Sri Lanka er det sendt eit Herkules transportfly som skal sleppe kjemikaliar i sjøen. Dette er kjemikaliar som skal hindre at det vert danna oljeflak og klumpar som driv i land og ureinar kysten. Også Pakistan sin atom-kappløp erkerival, India, har tilbydd seg å hjelpe.

Stengt strendene
Pakistansk marine er sett i alarmberedskap for å assistere myndigheitene i redningsarbeidet. I tillegg er rundt 1000 politimenn kalla ut for å sperre av ei 14 kilometer lang kyststripe som nesten heilt er dekka av olje. Innbyggarane i Karachi vert oppmoda om å halde seg vekke frå strendene til oppryddingsarbeidet er ferdig.

Kan truge alt marint liv i området
Det er meldt om hundrevis av døde fisk og skjelpadder som er skylt opp på strendene. Myndigheitene er no redde for ei miljøkatastrofe av verkeleg stort omfang som kan truge alt marint liv i området. Til den pakistanske avisa Dawn seier ein statstenestemann som er involvert i oppryddingsarbeidet at dei no nesten er overtydde om at tankaren vil knekke opp.

— Det er berre eit tidsspørsmål før vi får ei miljøkatastrofe, og vi kan berre be om at skadane blir så små som mogeleg, seier han.