Bellonas program på Arendalsuka 2026
I år markerer Bellona 40 år som uavhengig miljøstiftelse. Under Arendalsuka inviterer vi til debatter og samtaler om noen av de viktigste klima- og m...
Nyheter
Publiseringsdato: 26. november, 2004
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
Utsleppstala vert lagt fram i ein rapport som er overlevert FN, og som alle land som har underteikna FN sin klimakonvensjon har forplikta seg til å levere.
I tråd med krava til innrapportering er utsleppstala frå 1994, og dagens utslepp er rekna til å vera mykje høgare og stadig aukande.
I tillegg til slå fast utsleppstala påpeikar og rapporten kva slags følgjer klimaendringane er venta å få for Kina. Blant desse er tørke, flaum og meir ekstremt ver.
–> Utsleppsauke
Utsleppsauken følgjer Kina sin energibruk, og energibehovet er venta å auke kraftig ettersom landet har ambisjonar om å firedoble sitt bruttonasjonalprodukt (BNP) innan 2020.
Kina er i stor grad avhengig av energi frå fossile kjelder, og berre mellom 1996 og 2002 auka importen av olje til landet frå 20 millionar tonn til 90 millionar tonn. Talet på bilar auka og med 30 prosent berre sidan 2002.
Nyare utsleppstal i 2005
Kor store utslepp av klimagassar Kina har i dag vil kome fram i en nasjonal rapport om klimaendringar som skal publiserast i 2005. Denne rapporten vil ta føre seg tiltak for å møte klimaendringane og kva planar Kina har for å redusere utsleppet av klimagassar.
Sjølv om Kina og andre land som vert rekna som utviklingsland har ratifisert Kyoto-protokollen, er dei ikkje pålagt å redusere sine utslepp av klimagassar til under 1990-nivå. Avtalen slår nemleg fast at det er industrilanda som skal kutte sine utslipp av seks klimagassar med 5,2 prosent om ein ein samanliknar perioden 2008-2012 med 1990.
Det er imidlertid klart at det neste år vil ta til nye forhandlingar innanfor rammene til Kyoto-protokollen, og at store utviklingsland som Kina og India truleg vert pålagt utsleppsreduksjonar etter at Kyoto-protokollen går ut i 2012.
I år markerer Bellona 40 år som uavhengig miljøstiftelse. Under Arendalsuka inviterer vi til debatter og samtaler om noen av de viktigste klima- og m...
Bellona møttte i dag energiminister Terje Aasland for å overlevere anbefalingene fra CCS-rundebordskonferansen 2026. Budskapet er tydelig: Norge må f...
Innsamlingsaksjonen til Miljøstiftelsen Bellona bar frukter, og organisasjonen unngår dermed konkurs. – Jeg takker ydmykt for støtten på vegner av he...
I natt traff en russisk drone et lager for brukt atombrensel ved Tsjornobyl. Det er akkurat denne typen hendelser Bellona har brukt nesten førti år p...