EFTA-dommen tvinger frem norsk CO2-lagring
Den ferske avgjørelsen fra EFTA-domstolen slår fast at norsk sokkel er omfattet av EØS-avtalen. Det er en prinsipiell avklaring med vidtrekkende kons...
Nyheter
Publiseringsdato: 22. mars, 2004
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
Oljekonferansen 04:
I løpet av ei helg tettpakka med foredrag fekk deltakarane ei grundig innføring i miljø- og samfunnskonsekvensane av oljeboring i våre sårbare nordområde.
– Oljeindustrien har aldri vore meir sårbar
Blant talarane på konferansen var m.a. Jeremy Leggett, forfattaren av «The Carbon War» og Belen Fervenza, representant for den spanske miljørørsla, som fortalde om Prestige- ulukka. Jeremy Leggett er tidlegare Greenpeace aktivist og meinte at miljørørsla aldri har hatt betre moglegheiter enn no til å endre oljeindustrien. -Oljeindustrien har aldri vore meir sårbar enn no. Det er no miljørørsla har sjansen til å gje våre barn og barnebarn ei framtid, sa Jeremy Leggett.
Liten russisk aktivitet i Barentshavet
Blant dei mange foredragshaldarane var også Aleksander Sutyagin frå Bellona St. Petersburg som beskreiv oljeindustrien på russisk side. Russland er verdas største oljeeksportør, og produserer 421 millionar tonn olje i året. Om lag halvparten av dette vert eksportert. Den russiske oljeindustrien baserar seg for det meste på landproduksjon og har lite offshore-verksemd. Så langt vert det ikkje produsert olje offshore i Barentshavet. Også ein annan foredragshaldar, Bjørn Frantzen frå Svanhovd miljøsenter, meinte det blir lenge til det vil være storproduksjon i Barentshavet. Dette betyr at det er norske myndigheiter og norske selskap som er pådrivarane for en storstilt utbygging.
Trass i påstandar om aukande verksemd i dei russiske nordlege havområda, stilte foredragshaldarane seg tvilsame til stor aukande russisk oljeverksemd i nord. For russarane er det enklast å fortsette med sin produksjon på land, p.g.a. manglande kompetanse på off-shoreverksemd Det er usannsynleg at russarane kan gå inn i sørlege Barentshavet uten å bli hjelpne av norske oljeselskap.
Lite truleg med røyrleidning frå Murmansk
Foredragshaldarane mente også at det truleg ikkje vil bli bygd ein oljerørleidning til Murmansk, som mange lenge har trudd. Russiske myndigheiter vil truleg heller prioritere ein oljerørleidning til Austersjøen der aktiviteten har auka mykje den siste tida. Dette tyder at oljetransporten langs Norskekysten ikkje vil blir så stor som ein tidlegare har trudd.
Også Bellona-leiar Frederic Hauge, AUF-leiar Gry Larsen, og leiar i Natur og Ungdom, Ane Hansdatter Kismul heldt innlendingar mot oljeverksemd i Lofoten og Barentshavet.
Den ferske avgjørelsen fra EFTA-domstolen slår fast at norsk sokkel er omfattet av EØS-avtalen. Det er en prinsipiell avklaring med vidtrekkende kons...
– Når narrativer dikteres, kan konsekvensene bli veldig alvorlige, sa Bellonas Yuri Sergeev da han åpnet Bellonas arrangement om Kremls forsøk på å p...
Oslofjorden er i krise, men løsningene finnes. Da Bellona lanserte Oslofjorden Tarepark, var både to statsråder og lokalpolitisk ledelse på plass for...
I et innlegg 21. januar gjør Jon Hellevang et nytt forsøk på å fremstille gruvedrift på havbunnen som miljøvennlig og lønnsomt, men ender bare opp me...