Bellonas program på Arendalsuka 2026
I år markerer Bellona 40 år som uavhengig miljøstiftelse. Under Arendalsuka inviterer vi til debatter og samtaler om noen av de viktigste klima- og m...
Nyheter
Publiseringsdato: 2. mars, 2005
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
I vegleiinga «Bruk av etiske og miljørelaterte påstander i markedsføringen» strammar Forbrukeromboda i dei nordiske landa inn grepet for verksemder som vil marknadsføre varene sine som særs miljøvenlege eller etiske. Skal ein nytte etiske eller miljømessige påstandar i marknadsføringa må desse vere formulert slik at forbrukarane ikkje vert villeia. Verksemder som nyttar særlege påstandar om det etiske eller miljømessige aspektet ved vara skal kunne dokumentere desse. Og det held ikkje at ein dokumenterer dette med eigenproduserte anbefalingsbrev – for at dokumentasjonen skal vere gyldig skal dei normalt kunne underbyggjast med fråsegner frå uavhengige instansar med kjent fagleg kompetanse. Å dikte opp sitt eige «miljøinstitutt» eller «avdeling for etikk» som går god for produktet held alstå ikkje. I dei tilfella der dokumentasjonen likevel er utført av produsenten eller av verksemda som marknadsfører seg må dette vurderast av ein uavhengig sakkunnig, eller det må på ein annan måte kunne stadfestast at undersøkinga har gått føre seg rett og at vurderinga av resultatet kan forsvarast på eit reint fagleg grunnlag.
Ein bør heller ikkje klistre på eigenproduserte miljø-stempel. Forbrukarombodet påpeikar at bruk av eigne miljømerke og liknande bør unngåast, då dette kan skape uklårheit omkring kva som faktisk er miljømerking eller ikkje. Vel ein likevel å nytte seg av heimelaga miljømerking skal dette ikkje kunne vere eigna til å bli forveksla med andre, offisielle merkeordningar. Å leike seg i Photoshop og sette saman sitt eige miljømerke inneheld ein stor kvit fugl er med andre ord ikkje å tilrå.
Ein skal heller ikkje kunne skryte på seg å vere særs miljøvennleg om ein berre følgjer lovfesta krav. Forbrukarombodet nemner som eksempel at ein ikkje kan angje at ein deodorantspray er «CFC-fri», då dette er eit krav til alle tilsvarande produkt.
Vegleiinginga supplerar/erstattar retningsliner frå 1994, og Bellona er ein av organisasjonane som kom med innspel til retningslinene.
I år markerer Bellona 40 år som uavhengig miljøstiftelse. Under Arendalsuka inviterer vi til debatter og samtaler om noen av de viktigste klima- og m...
Bellona møttte i dag energiminister Terje Aasland for å overlevere anbefalingene fra CCS-rundebordskonferansen 2026. Budskapet er tydelig: Norge må f...
Innsamlingsaksjonen til Miljøstiftelsen Bellona bar frukter, og organisasjonen unngår dermed konkurs. – Jeg takker ydmykt for støtten på vegner av he...
I natt traff en russisk drone et lager for brukt atombrensel ved Tsjornobyl. Det er akkurat denne typen hendelser Bellona har brukt nesten førti år p...