EFTA-dommen tvinger frem norsk CO2-lagring
Den ferske avgjørelsen fra EFTA-domstolen slår fast at norsk sokkel er omfattet av EØS-avtalen. Det er en prinsipiell avklaring med vidtrekkende kons...
Nyheter
Publiseringsdato: 2. august, 2003
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
Nær 30 år etter at dei fyrste rapportane om at forureining skada ozonlaget, ligg det no føre bevis på at det internasjonale forbodet mot KFK har verka, skriv New Scientist.
Øydeleggingane stoppar opp
I fylgje ein ny forskingsrapport frå University of Alabama er øydelegginga av ozonlaget i den øvste stratosfæra, 35 til 45 kilometer opp, i ferd med å stagnere. Dette kjem som eit resultat av Montreal-protokollen der ei rekke land forplikta seg til å forby ozonnedbrytande stoff som t.d. KFK (klorfluorkarbon).
I rapporten har forskarane nytta data frå tre NASA satellittar og tre internasjonale bakkestasjonar. Satellittane har målt sollyset som vert filtrert gjennom atmosfæra ved soloppgang og solnedgang. Fordi ozon og andre gassbestanddelar absorberer lys ved kjende bølgjelengder kunne forskarane rekne ut mengda med ozon og andre gassar.
Ingen bråstopp
Det er ingen bråstopp i øydeleggingane det er snakk om, forskarane reknar med det vil framleis ta minst 40 år før reduksjonen stoppar helt og gjenoppbygginga kan starte. I tillegg kan klimaendringar, som eit resultat av drivhusgassar, føre til auking i ozonnivået rundt 2030 og 2040.
Når ozonlaget vert tynnare vert det og lettare for UV-strålane å sleppe gjennom. Det vil seie at jorda sin naturlege solvern vert svakare og risikoen for strålingsskadar som kreft og skadar på andre organismar aukar.
Internasjonale avtalar virkar
Sidan Montreal-protokollen trådde i kraft i 1987 har EU vore leiande i verda på å redusere utslepp av ozonøydeleggande substansar. Samanlikna med 1986 nivå er rundt 90 prosent av dei ozonøydeleggande substansane produsert i EU-land fasa ut.
Den ferske avgjørelsen fra EFTA-domstolen slår fast at norsk sokkel er omfattet av EØS-avtalen. Det er en prinsipiell avklaring med vidtrekkende kons...
– Når narrativer dikteres, kan konsekvensene bli veldig alvorlige, sa Bellonas Yuri Sergeev da han åpnet Bellonas arrangement om Kremls forsøk på å p...
Oslofjorden er i krise, men løsningene finnes. Da Bellona lanserte Oslofjorden Tarepark, var både to statsråder og lokalpolitisk ledelse på plass for...
I et innlegg 21. januar gjør Jon Hellevang et nytt forsøk på å fremstille gruvedrift på havbunnen som miljøvennlig og lønnsomt, men ender bare opp me...