–En god begynnelse
– Bellona applauderer at regjeringen nå tør å sette tydelige krav for dødelighet i oppdrettsnæringen. Dødeligheten har vært altfor høy altfor lenge, ...
Nyheter
Publiseringsdato: 18. mai, 2004
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
POP-giftene vert konsentrert opp i næringskjeda, og dyr på toppen av denne som t.d. isbjørn vert særleg hardt råka.
Opprydding også i Norge
– Det er positivt at avtalen no er iverksett og ein bør no fokusere på å kontrollere at dei ulike landa handhevar forbodet, pluss å greie ut kva andre miljøgifter som skal leggast til forbodslista, seier juridisk rådgjevar i Bellona Christine Karlsen. Ho meiner at i Norge må vi i første rekke sørgje for innsamling og behandling av dei stoffa som er på avvege. Mellom anna har vi store mengder PCB-haldige isolerglasruter som ventar på å bli samla inn og destruert. Seinast i slutten av april gjekk miljøvernminister Brende ut og sa at han ynskjer ei ny lovmessig plikt til innsamling og behandling av slike ruter, noko vi ikkje har i dag. Dette vil forplikte både importørar og produsentar til å sørgje for innsamling og behandling.
Karlsen minner også på ei anna stor PCB-synd norske myndigheiter må svare for, nemleg Forsvaret si dumping av PCB-avfall på Jan Mayen. Denne har skjedd med velsigning frå Fylkesmannen i Nordland.
-Vi veit at Nordområda er eksepsjonelt sårbare overfor miljøgifter, og så klarar norske styresmakter å gje grønt lys for dumping av PCB. Slikt svekker Norge sin posisjon i internasjonale saker og står i grell kontrast til festtaling, seier Karlsen.
Må få inn fleire stoff på lista
Avtalen omfattar tolv miljøgifter som m.a. PCB, dioksinar og DDT, og vart forhandla fram i 2001. Norge ratifiserte avtalen året etter. Gårsdagens ikraftreding gjer avtalen rettsleg bindande for alle dei landa som har ratifisert. Avtalen er global og over 150 land har slutta seg til denne.
Det kan verte aktuelt å legge til ytterlegare miljøgifter til forbodslista, og i ein pressemelding seier miljøvernminister Børge Brende at han vil arbeide for at dette vert gjort. Brende nemner penta-BDE, den brommerte flammehemmaren det er konstatert store konsentrasjonar av i fisk frå Mjøsa, som eit av stoffa det kan vere aktuelt å sette på forbodslista.
Bellona meiner at også musk-xylener må inn på lista.
Oppfølgingsmøte om eit år
Representantar for styresmaktene i dei landa som har underskrive Stockholm-konvensjonen skal møtast om eit år (COP 1), i mai 2005, i Punta del Este i Uruguay og vil da diskutere korleis ein skal få ytterlegare fart i arbeidet med å fase ut farlege miljøgifter. På den konferansen skal ein m.a. sjå på følgjande tiltak:
I tillegg til å forby bruken av POPs fokuserar avtalen på å reinske opp i lagera av miljøgifter og giftige kjemikaliar som inneheld POPs. Avfallsplassar og deponi frå 50-, 60-, og 70-talet forfell og er no i ferd med å lekke ut kjemikaliar som ureinar jordsmonn, vasskjelder, dyr og menneske.
– Dette ser vi også her i Norge. Rundt mange planteskular er grunnen infisert av tidlegare tiders bruk av DDT, så her har vi eit stort oppryddingsarbeid å gjere, seier Christine Karlsen.
Det er i dag alternativ til dei fleste POPs. Problemet har vore at høge kostnader, manglande produktkunnskap, dårleg infrastruktur og teknologi har hindra desse alternativa i å verte implementert i marknaden.
– Bellona applauderer at regjeringen nå tør å sette tydelige krav for dødelighet i oppdrettsnæringen. Dødeligheten har vært altfor høy altfor lenge, ...
Bellona-stifter Frederic Hauge jubler over at Morrow Batteries får 1,5 milliarder kroner i statlige lån, slik de har bedt om. – Jeg er lettet og stol...
«En seier som kan koste oss dyrt», skriver Dagsavisens kommentator 5. desember, og antyder at SVs gjennomslag for å stoppe konsesjonsrunden på havbun...
«På bare ett år har det svenske batterieventyret gått fra drøm til mareritt», skriver Aftenposten 28. november. Men globalt vokser batterimarkedet i ...