Nyheter

Kogenereringsdirektivet endeleg på plass

Som vist på figuren kan kogenerering redusere totalbruken av energi i forhold til separat produksjon av tilsvarende mengder energiprodukter. <P> Referansesystemet er vist til høyre på figuren. Innsparing i primær energi er det grønne og røde skraverte feltet på figuren. <P> Alle presentasjonene i full størrelse finnes <a href="http://www.bellona.no/data/f/0/31/62/2_9811_0/Energiforum_28.10.03.PDF"> her</a> (pdf-format, 1,96 MB)
Bellona

Publiseringsdato: 16. januar, 2004

Skrevet av: Hanne Bakke

Etter tautrekking mellom Ministerrådet og Parlamentet vart partane i 12. time samde om ein direktivtekst. Den inkluderer ikkje mindre enn 20 tillegg i forhold til det originale framlegget.

EU:

EU sitt kogenereringsdirektiv vart like før jul endeleg vedteke av Parlamentet. Den siste formaliteten som dermed står att er Ministerrådet si godkjenning, som no er rett rundt hjørnet.

Vil promotere fornybart
— Bellona er sjølvsagt glade for at direktivet er på plass. Jamfør RES-direktivet ser vi dette førebels som eit direktiv for å promotere fornybart eller eventuelt høgeffektive kraftverk med CO2– handsaming her i landet, seier Isak Oksvold i Bellona si energiavdeling.

Vegen fram til vedtak har ikkje vore heilt problemfri, og direktivet er resultatet av eit kompromiss mellom Parlamentet og Ministerrådet som ein endeleg vart samde om. Dette kompromisset inkluderer 20 tillegg i høve til det originale framlegget. Desse tillegga fokuserer i hovudsak på definisjonar av kogenerering og mikrokogenerering, framdriftsplanar og berekningssmetodar for spara primærenergi, samt å setje mål for mengda kogenerert energi.

Oksvold seier han ser på referanseverdien som viktig for kogenerering i Norge ettersom vi nærast utelukkande nyttar vasskraft som energikjelde. Det vil difor vere ein utfordring å utarbeide korrekte referanseverdiar som vil promotere kogenerering. Han understrekar likevel at det ein umiddelbart ser potensialet i her til lands er å utnytte f.eks bio-ressursar som bio-avfall, bio-gass og bio-masse.

— Berekningsmetodane, det vil seie korleis vi skal rekne innspara energi, er avhengig av at ein har en referanseverdi å halde seg til. Vi er klar over at dette kan by på problem. Det er naudsynt å finne ut kva dagens elektrisitet består av, eller eventuelt kva ein erstattar. Då er ein brått inne på en diskusjon om kva norsk eller nordisk marginal kraft består av, eller om ein skal ta utgangspunkt i den generelle energimiksen i områda. Noko som sjølvsagt vil variere frå land til land.

Tøffe forhandlingar
Forhandlingane mellom Parlamentet og Ministerrådet var ikkje ukompliserte fordi enkelte medlemsland, som ikkje ville ha direktivet i det heile, truga med å blokkere forhandlingane. Parlamentet på si side strekte seg langt slik at direktivet kunne vedtakast i tide, og legge grunnlaget for ein kogenereringspolitikk i Europa. Tidsfaktoren var svært viktig fordi ei utsetjing kunne ført til at direktivet kunne ha gått i vasken på grunn av for knapp tid i høve til Parlamentsvalet i juni.

Bransjen letta
Direktivet er teke i mot med opne armar av aktørar i energibransjen som lenge har etterlyst eit lovverk for kogenererering som eit verkemiddel for å redusere CO2-utslepp, føre til energisparing og sikre framtidas kraftbehov. At vedtaket er på plass får bransjen til å puste letta ut ettersom ein var redde for at Parlamentet ikkje ville bøyge av på nokre av dei føreslegne tillegga, og dermed nekte å inngå kompromiss med Ministerrådet.

Varme og elektrisitet
Kogenerering er ein effektiv måte å produsere varme, kjøling og elektrisitet. Dette er basert på å framstille varme og elektrisitet samstundes. Det grunnleggjande prinsippet er at systema skal baserast på ein innretning sitt varmebehov for å optimalisere dei fordelane kogenerering kan skape som m.a. reduksjon av CO2-utslepp og betra energieffektivitet.

Direktivet definerer kogenerering som konvertering av primær energi til varme og elektrisk, eller mekanisk, energi i ein og same prosess. Dette omfattar dessverre ikkje kogenerering av varme og hydrogen.

Må oppfylle kriteria
Direktivet er eit rammeverk for promotering av kogenerering basert på etterspørsel av varme. I så måte er difor elektrisk eller mekanisk energi som eit biprodukt å rekne.

I direktivet heiter det at høgeffektiv kogenerering skal oppfylle følgjande kriteria:

 

  • Ny kogenerering, dvs frå olje, gass, kol osv skal gje energivinst på minst 10% i høve til referanse frå separat produksjon, medan gamal kogenerering skal gje energivinst på minst 5% i høve til referanse til separat produksjon.
  • Kogenerering basert på fornybar energi og kapasitetar under 1 MW elektrisk kapasitet kan gje besparingar på 0 – 5% og framleis vere høgeffektiv.
  • Medlemslanda skal sjølv utarbeide referanseverdiar for separat produksjon av varme og elektrisitet som skal gå inn i berekningar for innsparing av primær energikjelde.
  • Referanseverdiane skal revideras kvart 5. år for å ta omsyn til teknologisk framsteg og utvikling i distribusjon av energi.

I direktivet heiter det at medlemslanda sjølv skal analysere sine nasjonale potensiale for høgeffektiv kogenerering innan dei følgjande områda:

1) Industriell kogenerering er gjerne varme for industrielle prosessar over 140oC
2) Kogenrering for oppvarming er varme til fjernvarmeanlegg eller direkte til bygningar
3) Kogenerering for jordbruk er typisk varme til drivhus og akvakultur.

Landa skal også analysere kva barrierar som står i vegen for høgeffektiv kogenerering, kor mellom anna problem knytt til manglande internalisering av eksternalitetar i energiprisen skal takast med i betraktning. I tillegg skal det utarbeidast sertifikat for å prove opphavet til elektrisitet frå kogenerering.

Dette direktivet er meint å danne grunnlaget for etableringa av rammebetingingar og støtteordningar for kogenerering. Det opnar og for at styresmaktene kan påleggje nettselskapa å dekke heile eller deler av kostnadene ved tilknyting til nettet for fornybar energi eller småskalaanlegg. Kostnadar knytta til kraftdistribusjon er ofte ein barriere for utplassering av småanlegg. Derfor skal styresmaktene garantere at kogenereringsanlegg får distribuert krafta si.