Nyheter

Kor mykje meir vil de ha, Equinor ?

Hallstein Havåg, daglig leder Bellona
Hallstein Havåg, daglig leder Bellona

Publiseringsdato: 5. september, 2022

Skrevet av: Signy Fardal

Etter å ha besøkt petroholiker-festivalen ONS og sniffa inn oljebaserte løysemiddel og dufta av sjølvgodheit, toppa Equinor laget på onsdag med Irene Rummelhoff. Frå talerstolen i Stavanger kom Equinor-toppen, sivilingeniøren og nyslått energiøkonom, med analysen at den ekstreme energikrisa i Europa ikkje har med Putins krig å gjere. I følge oppslaget i DN fredag 2.september  hevda Rummelhoff at årsaken var manglande oljeinvesteringar på grunn av klimaaktivistar.

Dette innlegget av daglig leder i Bellona, Hallstein Havåg, ble først publisert på dn.no og stod på trykk i Dagens Næringliv lørdag september.

Det er heilt openbert at vi i miljøbevegelsen blir «trigga» av slike uttalelsar. Men det som gjer meg mest forbanna er den sjølvsagte bruken av halvsannheiter og alternativ historiefortelling. Så la oss sjå på det:

For å ta Norge først: Vi har investert veldig mykje i norsk petroleumsnæring og for lite i energisektoren elles. I 2021 var investeringar på norsk sokkel på 180 milliardar og investeringar i kraftforsyning på 38 milliardar. Ifølgje Norsk petroleum sine eigne tal har investeringar på Norsk sokkel vore jevnt høge siste 12 åra og var på sitt lavaste i 2010 (124 milliardar). For to år sidan fekk oljenæringa i Norge ein tilleggspakke på 100 milliardar kroner, i ei tid då oljeprisen var over 40 dollar fatet. Kor mykje meir vil du ha, Rummelhoff?

Viss Equinor skulle hatt meir midlar til investeringar kunne dei kanskje latt være å søle vekk dei 200 milliardane i USA, eller redusere vedlikeholdsbudsjettet så mykje at anlegget på Melkøya brann opp. Begge delar er saker Rummehoff var ein del av eller hadde ansvar for.

Krigen i Ukraina og sanksjonane frå Vesten har gjort at EU må finne alternativ til 40% av sin gassimport. Russland byrja alt mot slutten av 2021 å strupe gassforsyningar til Europa, og i januar beskyldte IEA Russland for å bruke reduserte gassleveransar for å destablilisere Europa sitt energimarked. Det er heilt openbert at energi er ein del av Russlands krigføring. Det er heilt skamlaust av Equinor å avskrive denne virkeligheita og heller gråte for si sjuke mor. Det framstår som reinvasking og bortforklaring av blodige realitetar.

Petroleumsbransjen har gjennom mange år jobba hardt for å gjere det Europeiske energisystemet avhengig av gass. Frå 2010 til 2018 brukte verdens fem største oljeselskap over 250 millionar Euro på å lobbe EU-institusjonar. Det har dei brukt til å gjere energisektoren avhengige av sine produkt, og å forsinke nødvendige klimakutt. Og dei har fått det som dei ville. Sjølv i EU sitt rammeverk for grønne investeringar, vedtatt tidlegare i år, er gass klassifisert som «fornybar». Eg spør igjen: kor mykje meir vil du ha, Rummehoff?

Equinor delte talerstolen i Stavanger med Nick Butler, tidlegare BP-topp og no professor King’s College. For to veker skreiv han eit lesarinnlegg i Guardian med tittelen “I worked for BP for 30 years – the energy sector has become incompetent and greedy”. Eg må seie meg enig.

Rummelhoff har rett i ein ting. Energikrisa skuldast for låge investeringar. For lite investering i fornybar, alternativ energi, infrastruktur for elektrisitet, elektrifisering av samfunnet, diversifisering og energieffektivisering. For å nå klimamåla må vi investere oss vekk frå petro-avhengigheita, ikkje låse oss fast i den. Den utviklinga kan ambisiøse «energi-selskap» som Equinor være ein del av. Ein start ville være å ikkje forsøke å omskrive historia.