
– Et skifte i hvordan vi tenker
Pronofa lanserte i går Purply, verdens første kommersielle matprodukt basert på tunikater. Bellonas marinbiolog Michele Legernes var til stede og hol...
Nyheter
Publiseringsdato: 27. mai, 2003
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
Ei ny studie frå det internasjonale energibyrået (IEA) viser at det er mogeleg å oppnå ein effektiviseringsvinst på opptil 30 prosent om ein let hushaldningsapparata med lågast livssykluskostnarer sette mimumsstandarden frå 2005 og framover.
Kan redusere 322 millionar tonn CO2 pr år
Ved å adoptere denne typen standardar vil medlemslanda i IEA kunne redusere utsleppet av CO2 med ca 322 millionar tonn per år, og spare 642 TWh elkraft innan 2010. Ein slik reduksjon av CO2-utslepp tilsvarar som om ein hadde fjerna 100 millionar bilar frå vegane i IEA-landa – eller 30 prosent av den CO2-reduksjonen som er IEA-landa sitt mål i høve til Kyoto-avtalen.
I Norge går 41% av elektrisitetsbruken i hushalda til oppvarming av rom, noko som relativt til OECD-landa er svært høgt. Ein direkte overføring av IEA sine berekningar blir derfor ikkje riktig. Dersom vi ser bort frå denne andelen og forutset ein tilsvarande effektivisering for norske hushald, vil sparepotensialet ligge på omtrent 5 TWh eller 5% av Norges bruk av elektrisk kraft.
Elektriske hushaldningsapparat som datautstyr, kjøleskap, foodprosessorar, brødristarar, fjernsyn og videospelarar er den gruppa energibrukarar som aukar nest raskast etter bilar i OECD-land. Mange av desse apparata forbrukar straum også i avslått tilstand. Trass i store program for energieffektivisering, står elektriske hushaldningsapparat for 30 prosent av elektrisitetsforbruket, og 12 prosent av utsleppa av drivhusgass. Prognosane tilseier at forbruket vil stige 12 prosent innan 2010, og 25 prosent innan 2025.
Vil spare forbrukarane
I følgje rapporten kan besparingane oppnåast utan negative samfunnskostnadar. Ekstrakostnadene ved å investere i meir effektive apparat vert oppvege med reduserte driftskostnader. I USA vil kvart tonn CO2 som på denne måten ikkje vert sluppe ut spare forbrukarane for 65 Dollar. Tilsvarande tal i Europa vil vere ca 169 Euro. Grunnen til forskjellen er høgare elkostnader og lågare effektivitetsstandardar i Europa.
Til tross for at situasjonen varierer betydeleg frå det eine OECD-landet til det andre, er det klart at alle land vil spare mykje.
OECD Organisation for Economic co-operation and development- har 30 medlemsland, og 26 av desse er medlemmer av IEA.
Les heile studia Cool Appliances: Policy Strategies for Energy-Efficient Homes
Pronofa lanserte i går Purply, verdens første kommersielle matprodukt basert på tunikater. Bellonas marinbiolog Michele Legernes var til stede og hol...
– Vi frykter at instituttet i Halden ikke har fulgt loven – og det går på atomsikkerheten løs. Da er det vårt ansvar å si ifra. Vi håper at en grundi...
Stortinget har nå en historisk mulighet til å realisere CCS på Melkøya. Bellona frykter likevel det bare blir et “nei til elektrifisering”, og at kli...
Bellona håper forskerne som forgjeves har varslet om Europas største naturkrise rett utenfor Nord-Norges kyst vil bli lyttet til. I nord har 80 milli...