–Bioressurser på avveie
– Bi-produkter fra hvitfisk-flåten og fiskeslam er bioressurser på avveie. Vi må finne løsninger slik at disse ressursene ikke går til spille. Det sa...
Nyheter
Publiseringsdato: 18. juni, 2003
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
Canadiske Ballard Power System har no inngått ein verdsomspennande (utanom Japan) distribusjons- og serviceavtale for dei transportable aggregata AirGen som blir drivne med hydrogen brenselceller. Avtalen er med MGE UPS Systems som er verdas største produsent av større straumsikringsutstyr. Det er venta at dei vil sikte inn salet av 1kW aggregata mot industri og mindre bedrifter, men også private heimar, som vil ha backup straumforsyning.
Avtalen med MGE UPS Systems er ein ikkje-eksklusiv avtale, og Ballard er også i samtalar med andre potensielle distributørar for straumaggregata, og vonar desse samtalane vil opne opp for andre marknader.
Første i sitt slag
AirGen er verdas første mobile brenselcelleaggregat til innandørsbruk. Det leverer straum så lenge den får tilført hydrogen, og kan nyttast som straumsikring om straumnettet er nede. I motsetning til bensinaggregat er AirGen stillegåande og slepp ikkje ut avgassar, noko som gjer det eigna til bruk innandørs.
Å prise AirGen aggregata er ikkje heilt lett, og det skal no gjerast marknadstestar for å kunne fastsetje prisen. Ballard kjøpte tidlegare i år ut Coleman Powermate som var partar på utviklingssida for AirGen. Coleman hadde prisa straumaggregata til industrien til litt under 6000 US dollar, og selde rundt 20 stykker sidan dei kom på marknaden på hausten i fjor. Om dette er ein eigna pris seier Ballard at det gjenstår å sjå.
Meir brukarvenlege
Brenselceller genererer elektrisitet ved å blande hydrogen og oksygen, og er miljøvenleg fordi dei produserer kun vatn og varme som biprodukt. Aggregata Coleman tidlegare selde brukte hydrogen frå gassflasker, men Ballard vil no tilby aggregat som nyttar hydrogen frå ein metall-hydrid sylinder, noko som er lettare i bruk.
Forseinkingar i godkjenninga på drivstofforsyninga gjer at mobile straumaggregat kjem på marknaden eit år seinare enn Ballard hadde rekna med.
Brenselceller til bilindustrien
Ballard er mest kjend for sin produksjon av brenselceller til bilindustrien, men dei små straumaggregata er venta å ha stor symbolverdi sidan det er det første produktet som nyttar alternativ energiteknologi som vil bli tilgjengeleg for forbrukarar verda over.
Satsinga på brenselceller til bilindustrien ligg på ingen måte brakk hjå Ballard, og seinast i går signerte dei ein ny kontrakt på leveransar av brenselceller til ein ikkje namngjeven bilprodusent. Verdien på kontrakten er på 1,75 millionar US dollar.
Ballard ser på kontraktinngåinga som spennande, og ved å levere til større aktørar i bilbransjen får dei moglegheiten til å teste og evaluere brenselcellene i ulike driftsmiljø og køyretymodellar. Dette er også ein sjanse til å lære meir om kunden sine krav og styrke Ballard sin posisjon som føretrekt brenselcelleleverandør til bilindustrien, heiter det i ein pressemelding. Tidlegare har Ballard mellom anna levert brenselceller til Honda, Nissan, Volkswagen og Yamaha.
– Bi-produkter fra hvitfisk-flåten og fiskeslam er bioressurser på avveie. Vi må finne løsninger slik at disse ressursene ikke går til spille. Det sa...
Et nytt samarbeidsprosjekt skal se på løsninger for CO2-transport og -lagring for å få fortgang på CCS-satsning i nord. Nå har prosjektet fått bevilg...
– Dette blir den største omstillingen av det moderne Norge som vi har vært med på, sa Bellonas internasjonale sjef for fag og strategi, Joakim Hauge,...
Bellonas seniorrådgiver Olav Fjeld Kraugerud talte torsdag 17. oktober for Næringskomiteen på Stortinget i forbindelse med statsbudsjettet for 2025. ...