Nyheter

Sterk auke i talet på hydrogenfyllestasjonar

Grjothals Hydrogen Station i Reykjavik
Íslensk NýOrka ehf

Publiseringsdato: 10. mai, 2004

Skrevet av: Hanne Bakke

Det siste året har det vore ein formidabel vekst i talet på hydrogenfyllestasjonar og det er no 87 silke på verdsbasis.

Hydrogeninfrastruktur:

Det er FuelCell Today som har gjort opp status for verdas hydrogenfyllestasjonar, og det viser seg at i fjor vart det bygd heile 22 nye stasjonar.

– Ein auke på 33% i løpet av eit år er svært gledeleg, seier hydrogenansvarleg i Bellona, Isak Oksvold. Her i Norge har vi førebels berre ein, AGA sin på Furuset, men vi håpar sjølvsagt å sjå fleire rundt i landet slik at vi får bygd ut ein skikkeleg hydrogeninfrastruktur, seier han.

I følgje FuelCell Today sin rapport er det i California ein ser den største auken i hydrogeninfrastruktur. Der har både styresmaktene og ulike organisasjonar sett opp tempoet på hydrogenarbeidet sitt. Dette både på infrastruktur sida, og når det gjeld testing av nye brenselcelle køyretøy. Blomstringa av nullutsleppsteknologi i California kan i ein viss grad tillegjast guvernør Schwarzenegger som har som mål å gjera staten leiande på området. Innan utgangen av dette tiåret har guvernøren som mål at hydrogendrevne brenselcellebilar skal være på marknaden, noko han vil oppnå ved å bygge 200 hydrogenfyllestasjonar rundt om i California. Også den amerikanske presidenten er ivrig hydrogenforkjempar, og George W. Bush har gått inn for å auke dei føderale bevilgningane til utvikling av brenselcellebilar og fyllestasjonar med 43%.

EU har, i motsetning til USA, ratifisert Kyoto-protokollen og som ein del av forpliktingane i denne skal utsleppa av klimagassar kuttast. Eit av tiltaka for å oppnå dette har vore å innføre DaimlerChrysler brenselcellebussar i 10 byar rundt i Europa. Trass i dette ligg likevel Europa eit godt stykke etter både USA og Japan i hydrogensatsingane.

FuelCell Today sin rapport viser også at det til ein viss grad eksisterer ein Catch 22-situasjon der køyretøyprodusentane ventar med den heilt store satsinga til ein infrastruktur er på plass, samstundes som energi og hydrogenleverandørane treng kjøparar og køyretøy for å satse på utbygging av infrastruktur.

Trass i dette er det mykje optimisme å spore og fleire energiselskap og bilprodusentar satsar no stort for å utvikle småskala fyllestasjonar som er dimensjonert for å fylle eit par bilar i døgnet.