
Desinformasjon og reinspikka propaganda
– Vi møter både russisk desinformasjon og reinspikka propaganda i vårt arbeid. Det blir stadig vanskeligere å få tak i gode data fra Russland, sa Bel...
Nyheter
Publiseringsdato: 31. mars, 2022
Skrevet av: Signy Fardal
Nyheter
Dette innlegget av daglig leder Hallstein Havåg i Bellona står på trykk i Klassekampen i dag.
Parlamentarisk leiar i Senterpartiet Marit Arnstad gjekk tysdag denne veka på talarstolen i landsstyremøtet og opna for å «skyve på» Norges klimamål. Ho trekkjer spesielt fram målet om å elektrifisere sokkelen som ekstra vanskeleg. Det er ein ny vri på oljebransjens hule motto om å «utvikle, ikke avvikle».
Åtte år før klimamilepælen 2030, og 33 år etter at Stortinget byrja arbeidet med å aldri klare å oppfylle sine eigne klimamål, tek altså ein sentral representant for regjeringspartiet Sp til orde for å gi opp målet. Eller iallfall utsette ansvaret for å oppfylle utsleppskutta til framtidige folkevalde.
Kvotetriks og skog
Arnstad og Sp inviterer ikkje til ein brei dialog om korleis vi kan nå målet på andre måtar. Dei kunngjer heller ikkje ei sterkare satsing på andre område. Det einaste svaret er tydelegvis å flytte målstreken litt lenger fram, eller bedrive rekneskapsteknisk avlat med kvotar eller skogplanting.
Arnstad er ikkje åleine. FrPs Terje Halleland tok for nokre dagar sidan til orde for å senke norske klimamål, særskild for oljesektoren. Vi i Bellona både trur og fryktar at ønsket om å diskutere slike «justeringar» vil auke framover, i takt med at vi held fram med å gjere fint lite for å kutte norske utslepp og 2030 nærmar seg ubønnhørleg.
Treng visjon og vilje
I klimapolitikken er noko av det vanskelegaste å halde folkevalde ansvarlege for manglande handling. Det politiske reknestykket er enkelt: Risikoen ved å gjere éin feil er framleis vurdert som høgare enn risikoen for å ikkje gjere noko i det heile tatt. Men, skulle vi ha «skyve på» målet om likestilling i offentleg sektor eller skulegang for alle fordi det tek tid og er vanskeleg? Eller dyrt? Sjølvsagt ikkje.
Forslaget frå Arnstad spring ut frå ein mangel på idear, visjon og vilje. Elektrifisering av heile sokkelen med straum frå land blir vanskeleg, men det betyr ikkje at det er uråd å nå klimamålet for sokkelen. Bellona har gått gjennom alternativa, som inkluderer både havvind og flytande gasskraftverk med CO2-fangst og –lagring. Dette diskuterer vi gjerne med Senterpartiet . Det vi er mest bekymra for er at både Arnstad og Halleland sine utspel er startskotet på ein klagesong om kor dyrt og vanskeleg det blir å kutte klimautslepp i verdas rikaste land.
Sjølvsagt blir det krevande å nå klimamåla, og det vil koste pengar. Men slike kompromiss forstår folk, særleg når vi har så mykje å ta igjen samanlikna med andre land. Svaret er å brette opp ermane og gå på jobb, ikkje å gi opp før ein ein gong har forsøkt.
– Vi møter både russisk desinformasjon og reinspikka propaganda i vårt arbeid. Det blir stadig vanskeligere å få tak i gode data fra Russland, sa Bel...
Med klimaendringer, krig i Europa, vestlige demokratier under press og sendrektig energiomstilling trengs mer kriseforståelse i utviklingen av samfun...
– Det russiske atomselskapet Rosatom er ikke noe vanlig energiselskap. Det er en stat i staten, og et politisk instrument for Kreml. Med et virvar av...
I dag var Bellona på Stortinget for å gi innspill under den muntlige høringen om Havbruksmeldingen. Bellonas seniorrådgivere, Kari Torp og Silje Båts...