Nyheter

Den kjernefysiske draumen me ber på

Sveinung Rotevatn, daglig leder i Bellona.
Sveinung Rotevatn, daglig leder i Bellona.

Publiseringsdato: 30. januar, 2026

Skrevet av: Ingrid Kristensen Hauge

To bøker angrip behovet for kraft i framtida. Truleg er mellomtingen mellom dei den beste løysinga.

Bokanmeldelse for Morgenbladet skrevet av Sveinung Rotevatn, daglig leder i Miljøstiftelsen Bellona.
Stod på trykk i Morgenbladet, 30. januar 2026

Kraftdebatten var lenge for spesielt interesserte. Folk flest hadde knapt høyrt om utanlandskablar, straumrekninga gjekk unna på avtalegiro og kjernekraft var noko ein diskuterte på 70-talet. Vel, ein russisk gasskrig mot Europa seinare er alt forandra. Spørsmålet om straumprisar konkurrerer med innvandring og kjønnsspørsmål som hovudkjelde til polarisering, og kommentarfelta flaumar over av sjølvutnemnde ekspertar. Men kor mange av dei veit eigentleg skilnaden på kraft og effekt?

Nyåret byr på to bøker av to menn med doktorgrad i fysikk som begge har sette seg føre å mansplaine kraftsystemet vårt. Og eg meiner mansplaining i ordets beste forstand. Kraftpolitikk er komplisert. Og for alle som ikkje har stålkontroll på marginalprising, effektkøyring og flaskehalsinntekter, men likevel har sterke meiningar om vindkraft, er det berre sunt å få det inn med teskei.

Prisproblemet

Boka som i størst grad er skriven som eit kampskrift, er Jonas Nøland si første bok. Professoren i energiomforming ved NTNU bør vere kjent for alle som har følgt kjernekraftdebatten dei siste åra. Og boka Energikrisen – og løsningen på den, som Nøland har skrive i samarbeid med kona Sara Nøland, kunne like gjerne fått den utvida undertittelen «: kjernekraft

Å argumentere for kjernekraft som ei nyttig løysing i møte med klimakrisa er ei ærleg sak. Og det er mange argument å ta av: Kjernekraft krev lite areal, det er fossilfritt og det sikrar ei forholdsvis stabil grunnlast i eit meir og meir veravhengig kraftsystem. Men utfordringane er framleis mange. Lagring av radioaktivt avfall, lang byggetid og pris. Og størst blant desse er prisen.

Dette er diverre utfordringar Nøland går over med harelabb, og det er tidvis svært avslørande. Særleg gjeld dette i kapitelet der han listar opp alle aktuelle kraftkjelder vi kan vurdere, og set opp pro-/contra-skjema for dei ulike. Her nemner han som eit motargument mot havvind at prosjekta (heilt korrekt) «trenger milliardstøtte fra staten». Medan pris ikkje er nemnt som ei hindring for utbygging av kjernekraft. Sjølv om det til dags dato ikkje har blitt bygd eit einaste kjernekraftverk nokon plass i verda utan statsstøtte, at kjernekraft er ei av få kraftkjelder som har blitt dyrare, ikkje billegare, dei siste tiåra, og ikkje minst: at dei tre einaste kjernekraftverka som har blitt bygd i Vest-Europa i moderne tid, alle har fått kostnadssprekken i regjeringskvartalet til å framstå som ein avrundingsfeil.

Lobbyist-alarmen går

Nøland kjem rett nok inn på dei økonomiske overskridingane ved desse prosjekta i høvesvis Finland, Frankrike og Storbritannia lenger uti boka. Og han forklarer dette med at landa ikkje har bygd ut ny kjernekraft på årevis og dermed har mista verdifull kompetanse. Dette er nok ei plausibel forklaring. Men han reflekterer ikkje over overføringsverdien av denne lærdomen til Noreg – som aldri har bygd ut fullskala kjernekraft før.

Forfattaren er likevel ærleg på at kjernekraft ikkje kjem best ut i den tradisjonelle metoden ein brukar for å rekne lønsemd for kraftprosjekt. Då kjem vi til akronymet LCOE, som mange kanskje har vore borti før. Det står for «levelized cost of energy», og går enkelt sagt ut på å dele utbyggings- og driftskostnadar på mengde produsert energi, som gjer det mogleg å samanlikne kor mykje «bang for the buck» ein får av å til dømes bygge ut eit gasskraftverk (låg investeringskostnad, høg driftskostnad) versus eit kjernekraftverk (høg investeringskostnad, låg driftskostnad)

I slike modellar kjem kjernekraft forholdsvis dårleg ut i eit kraftsystem som det norske, mellom anna fordi våre enorme vasskraftressursar fungerer både som grunnlast og fleksibilitet, og gjer kjernekraft mindre gunstig enn i andre land. Nøland er kritisk til denne måten å rekne på, og meiner vi heller bør bruke «en helhetlig tilnærming». For denne lesaren, som i årevis har sete overfor lobbyistar som har forsøkt å selje inn dyre Powerpoint-prosjekt, får slike formuleringar alle alarmklokker til å ringe. Og når den føretrekte alternative modellen til Nøland synest å vere at ein skal rekne ut noverdien av framtidige beløp (altså diskontere) på ein økonomifagleg tvilsam måte, og at staten skal garantere lån på ikkje-marknadsmessige vilkår, treng ein ikkje gå med blå skjorte for å mistenke eit framtidig subsidiesluk.

Ingen gratis lunsj

Også i Energirevolusjonen av Bjørn Samset har kjernekraft ein prominent plass. Men då først og fremst som gjenstand for fysikaren sine entusiastiske briller. Boka til Cicero-forskaren boblar over av formidlingsglede, der alt frå prinsippet bak fisjonskraft til solenergi blir forklart med smittande entusiasme. I likskap med Nøland brukar Samset litt vel mykje plass på å forklare kvifor moderne samfunn er avhengige av energi (ja da, eg forstår at kaffitraktaren min ikkje fungerer utan straum). Og ein må lese over 100 sider lærebok i fysikk før Samset er ferdig med å forklare sjølve konseptet energi og går over til å snakke om dei ulike kraftkjeldene den politiske debatten dreier seg om. På den andre sida er det mykje interessant å lære for dei som måtte lure på korleis ei dampmaskin, ein forbrenningsmotor eller ei solcelle eigentleg fungerer.

Når han skal gå gjennom alternativa til dagens fossilbaserte energisystem, er Samset både nøktern og informativ. Hovudbodskapen, slik den også er i Nølands bok, er at det ikkje finst nokon gratis lunsj dersom ein ønskjer å halde oppe og til og med auke dagens energiproduksjon. Det er frykteleg lett å seie nei til alle moglege alternativ, fordi dei anten er for dyre, for naturøydeleggande, for ustabile eller for risikable. Men energi må vi ha. Og ikkje minst gjeld dette størstedelen folket på jorda som framleis lever med ustabil eller ingen tilgang til energi, det vere seg fossil eller fornybar, og som drøymer om noko så elementært som tilgang på kjøleskap. Då har du neppe stor forståing for dei i miljørørsla som seier nei til (nesten) alt av ny kraft, og som sjeldan har andre svar enn energisparing.

Ein ideell mellomting?

Samset er, på godt og vondt, først og fremst fagmann. Og der boka er skriven med stor innsikt i både klimakrisa og energiproduksjon, er det desto mindre om økonomi og politikk. Der Nøland går til kamp mot rådande økonomiske modellar, omtalar Samset dei knapt. Dette erkjenner han også. For ein miljøvernar er det lett å sympatisere med hjartesukket hans: «Gitt hvor grunnleggende energi er for oss, og hvor tett koblet energiutvinning er til naturen, kan ikke pris få være eneste ledestjerne». Samstundes er det, lik det eller ikkje, den viktigaste faktoren som avgjer kva som faktisk er realistisk å bygge ut. Det er då også grunnen til at det for tida blir investert ti gonger så mykje i ny fornybar energi i ny kjernekraft globalt.

Om vi står midt i ei energikrise eller ein energirevolusjon, synest i alle fall forfattarane å vere skjønt einige om at det er store omveltingar på gang – både teknologisk, i verdsøkonomien og i folkeopinionen. Energien vi har bygd vår moderne velstand på, den fossile, er sakte, men sikkert i ferd med å vike plassen for alternativa. Det er berre eit spørsmål om tempo. Konkurransen er i stor grad økonomisk, men den er også politisk. Vindkraft på land kan vere så lønsamt det berre vil, men kva hjelper det når kommunestyret seier nei – i påvente av eit kjernekraftverk som kanskje aldri ser dagens lys? Alternativa er mange, og ein meir opplyst folkeopinion kan neppe skade.

Der Nøland si bok er i overkant insisterande på hans føretrekte løysing, og tar mange snarvegar for å kome dit, er Samset si bok litt i overkant agnostisk med tanke på kva som er dei reelle alternativa vi har å ta stilling til. Kanskje kunne ein mellomting vore den ideelle energiboka? I alle fall dersom den var skriven med ein økonom som manuskonsulent.