Nyheter

Bioenergi gjev stor sysselsetjingsvinst

Bioenergi vil gje fleire arbeidsplassar i distrikta.

Publiseringsdato: 9. april, 2003

Skrevet av: Hanne Bakke

Ei satsing på gasskraft er ikkje ei satsing på arbeidsplassar. Bioenergi gjev 20 – 40 gonger fleire arbeidsplassar enn gasskraft, seier landbruksminister Sponheim.

Førre helg entra landbruksminister Lars Sponheim talarstolen på Venstre sitt årsmøte og ivra for bioenergi. Han meiner ei satsing på gasskraft ikkje er ei satsing på sysselsetjing, sidan bioenergi vil gje 20-40 gonger så mange arbeidsplassar som gasskraft. Landbruksministaren viser til at bioenergi kan skape 300-500 arbeidsplassar pr TWh. Norsk Bioenergiforening (NoBio) seier at i Sverige, der ein nyttar bioenergi i langt større grad enn i Noreg, opererer ein med 460 arbeidsplassar pr TWh. Her i landet er det gjort forskjellige anslag som spenner frå 100 til 500 arbeidsplassar pr TWh.

Det er fyrst og fremst i distrikts-Noreg ein får dei største føremonnene av arbeidsplassar innan bioenergi. Bioenergi skapar varige lønsame arbeidsplassar i distrikta. Kor mange arbeidsplassar er avhengig av kor mykje teknologi som er nytta, og kor store produksjonseiningane er – derfor vert det variasjon i anslaga. Skogforsk seier at i praksis kan det dreie seg om 200-300 personar i Noreg.

Både arbeidsplassar og miljø
Sponheim meiner satsing på gass vil kome sysselsetjingsmessig dårlegare ut enn bioenergi, i tillegg til å ha store miljøkostnader. Han ser ikkje at Noreg kan oppfylle sine Kyotoforpliktingar med ei satsing på naturgass. Biobrensel derimot, slepp ikkje ut CO2. Den CO2 som vert frigjort ved forbrenning ville blitt frigjeven når biomassen hadde rotna. Dette er naturleg CO2, i motsetnad til fossil energi som har vore lagra på havbotnen i millionar av år.

Ei satsing på gasskraft vil øydelegge for biomasse
Gasskraft skapar mellom 7 og 15 varige arbeidsplassar pr TWh. Det vil seie at eit av gasskraftverka Naturgass har fått løyve til vil gje 40 faste arbeidsplassar. Same mengde energi frå bioenergi kan gje 900 – 1500 faste arbeidsplassar.

Sponheim er redd for at ”fossiltriangelet” LO, Ap og Frp sine alternativ fører til alt for liten sysselsetjingsvinst med alt for store miljøkostnader. Han meiner gasskraft vil senke straumprisane så mykje at bioenergisatsinga vil øydeleggjast. NoBio deler denne bekymringa.

NoBio er også sterkt i mot forslaget frå finansministeren om å frita all norsk næringsverksemd for elavgift. Næringslivet er ein stor varmekunde, og ein av hovudkonkurrentane til bioenergi er elektrisk oppvarming. Eit slikt fritak vil ramme alternative energikjelder hardt, og sette satsinga på alternative energikjelder mange år tilbake, meiner NoBio.

Satsing innan EU
Bioenergi vert fyrst og fremst nytta til varme, og er inne i ein ekspansiv fase etter straumkrisa i vinter. Råstoff frå returvirke, sagbruk og trebearbeidande industri er snart fullt utnytta, og for å dekke råstoffbehova må ein i større grad ta i bruk ressursar frå skog og jordbruk.

NoBio meiner det er mogeleg å erstatte 10 TWh av dagens elkraftforbruk i varmemarknaden innan 2010. Til samanlikning vil dei to planlagte gasskraftverka på Vestlandet produsere ca 6 TWh.

I Norden har no bioenergi passert vatnkraft som energikjelde. Svenskane produserer fire-fem gonger meir bioenergi enn Noreg, med det same ressursgrunnlaget. Satsinga her i landet har blitt bremsa av lave norske straumprisar. Tal frå NoBio viser at det vert produsert 212 TWh bioenergi, og 200TWh vatnkraft i Norden. Av dette står Noreg kun for 13 TWh med bioenergi.

Skogforsk deltek for tida i EU-prosjektet ”Woodenman” som studerer økologisk og økonomisk berekraft ved uttak av biomasse frå skog til energiføremål. Prosjektet varar fram til 31.12.03 og skal munne ut i nasjonale og regionale (EU- og Pan Europeiske) anbefalingar til reglar for auka berekraftig bruk av tre-basert biomasse til energi.