Havets julekalender
Norrøna gjør det enkelt for deg å bidra i arbeidet med å restaurere tareskogen langs kysten av Nord-Norge. Meld deg på deres julekalender. For hvert ...
Nyheter
Publiseringsdato: 1. oktober, 2003
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
I går vart det kjent at regjeringa går inn for kraftutbygging i Kjøsnesfjorden i Jølster. Deler av utbygginga vil skje innafor Jostedalsbreen nasjonalpark og dermed flytte grensene for denne. Utbygginga vil gje 230 GWh per år og skal gje straum til rundt 11.500 husstandar.
Ikkje betydeleg kraftbidrag
I følgje i ei pressemelding seier Olje- og energiminister Einar Steensnæs at ei utbygging vil gje eit betydeleg bidrag til kraftproduksjonen . Bellona meiner dette ikkje er riktig. Kraftmengda det er snakk om utgjer kun 2 promille av Norge sitt årlege kraftbehov. 230 GWh er på ingen måte eit så stort bidrag til kraftproduksjonen at det er verd å flytte nasjonalparkgrenser for. I denne saka står ikkje dei naturinngrepa det er snakk om i forhold til utbyttet. Ei slik utbygging vil også undergrave den vernestatusen ein nasjonalpark har. Eit slikt vern skal vere permanent, og ikkje kunne opnast etter myndigheitene sitt forgodtbefinnande.
NVE fraråda
I vår fraråda Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) at Kjøsnesfjorden Kraftverk AS skulle få løyve til utbygginga. NVE grunngav då dette med at utbygginga vil føre til fleire inngrep i Jostedalsbreen nasjonalpark som igjen medfører at grensene til nasjonalparken vil bli endra.
— Ved å gå inn for denne utbygginga sender Steensnæs ut dårlege signal til resten av verda om det reelle vernet av naturområde, seier Rune Frøyland, fagmedarbeidar i Bellona.
Undergrev regjeringa sitt truverde
Bellona kjenner ikkje detaljane kring utbygginga, men det skal prinsipielt svært tunge argument til for å tillate inngrep i verna område. Når først eit verneområde er etablert skal dette vere varig.
Dette er OED ueinige i og til NRK Sogn og Fjordane seier statssekretær Britt Skjelbred i OED at då Jostedalsbreen nasjonalpark vart oppretta i 1991, var det ein klar føresetnad frå Stortinget at etablering av nasjonalparken ikkje skulle vere til hinder for konsesjonshandsaming av slike kraftverk.
Bellona meiner ei avgjerd om utbygging undergrev regjeringa sitt truverde og skapar ein unødvendig usikkerheit. Miljøvernminister Børge Brende, som har lagt opp til et høgt tempo i å etablere nye nasjonalparkar, kan umogeleg kunne stille seg bak ei slik besluttning.
Norrøna gjør det enkelt for deg å bidra i arbeidet med å restaurere tareskogen langs kysten av Nord-Norge. Meld deg på deres julekalender. For hvert ...
«En seier som kan koste oss dyrt», skriver Dagsavisens kommentator 5. desember, og antyder at SVs gjennomslag for å stoppe konsesjonsrunden på havbun...
«På bare ett år har det svenske batterieventyret gått fra drøm til mareritt», skriver Aftenposten 28. november. Men globalt vokser batterimarkedet i ...
Bellona har deltatt på klimaforhandlingene siden starten, og noterer framgangen innen kvotehandel og finansiering som viktige skritt i riktig retning...