Arctic Frontiers: Desinformasjon, sikkerhet og den nordlige sjørute
– Når narrativer dikteres, kan konsekvensene bli veldig alvorlige, sa Bellonas Yuri Sergeev da han åpnet Bellonas arrangement om Kremls forsøk på å p...
Nyheter
Publiseringsdato: 19. mars, 2003
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
Sidan 1998 har Førde Elveeigarlag meldt energiselskapet til politiet seks gonger, no er dei leie og saka er sendt direkte til Økokrim. Til NRK seier leiaren i Førde Elveeigarlag, Arne Høisæther, at dei er lei av at Sunnfjord Energi turar fram som dei vil.
Viktig med etterforsking
– Det er viktig at denne typen kriminalitet vert etterforska, seier jurist Christine Karlsen hjå Bellona. Ho legg til at om det vert prova straffeskuld må det ileggast ei straff som er så høg at det ikkje freistar til gjentaking.
Alle meldingane til politiet gjeld konsesjonsbrot, og elveeigarlaget seier dei har prov på at lova har vore broten heile 40 gonger sidan 1998. Saka som er sendt til Økokrim dreier seg om tre konsesjonsbrot, to i 2002 og eit i år.
Sårbar fiskeyngel
Natt til 4. november i fjor skjedde det som Førde Elveeigarlag ser på som det mest alvorlege brotet, då dobla vasstanden i elva Jølstra seg på berre 15 minutt. Vasstanden gjekk frå 20 til meir enn 40 kubikkmeter per sekund. Dette skjedde på eit tidspunkt der fiskeyngelen er enno meir sårbar enn elles i året.
Saka no omfattar det strafferettslege aspektet ved Sunnfjord Energi sin handlemåte overfor Førde Elveeigarlag. I fjor tapte energiselskapet eit sivilt søksmål frå elveeigarlaget, og vart dømt til å betale 9,5 millionar kroner i erstatning og 1,1 millionar kroner i saksomkostningar til Førde Elveeigarlag.
– Når narrativer dikteres, kan konsekvensene bli veldig alvorlige, sa Bellonas Yuri Sergeev da han åpnet Bellonas arrangement om Kremls forsøk på å p...
Oslofjorden er i krise, men løsningene finnes. Da Bellona lanserte Oslofjorden Tarepark, var både to statsråder og lokalpolitisk ledelse på plass for...
I et innlegg 21. januar gjør Jon Hellevang et nytt forsøk på å fremstille gruvedrift på havbunnen som miljøvennlig og lønnsomt, men ender bare opp me...
Innlegget av Jon Schultz, advokat, juridisk rådgiver i Miljøstiftelsen Bellona, stod først på trykk i Dagens Næringsliv 23. januar 2026. I en ...