Nyheter

Grunnstøytinga kunne vore unngått

Gudrun Gisladottir skal endelig tømmes for olje.
Eldar Knutsen/Redningsselskapet

Publiseringsdato: 16. oktober, 2003

Skrevet av: Hanne Bakke

Med nye, elektroniske, sjøkart kunne forliset av trålaren Gudrun Gisladottir vore unngått meiner Statens Kartverk.

Gudrun Gisladottir:

Ein del av sjøkarta som i dag er i bruk bl.a. i Nord-Norge er over 90 år gamle, med manglar både når det gjeld posisjonar og djup. Å erstatte desse karta med nye, digitale, kart vil gjere navigasjonen tryggare og redusere faren for ulykker.

Då Gudrun Gisladotter sokk ved Nappstraumen i juni 2002 var dette etter å ha gått på ei grunne utanfor oppmerka lei. Det er på det reine at denne grunna ikkje var merka av på det kartet båten nytta.

– Dei gamle karta er greie nok når det gjeld å ta seg fram i skipsleia, men er absolutt ikkje til å lite på når ein skal ta snarvegar utanom denne, seier avdelingsdirektør Kjell. H. Birkevold i Sjøkartverket til Bellona Web.

Arbeidet bremsa av reduserte bevilgningar
På slutten av 1980-talet slutta både regjeringa og Stortinget seg til at vart det løyvd 400 millionar til nye oppmålingar og produksjon av elektroniske sjøkart, for å bøte på manglane i dei eksisterande karta. Med desse pengane på plass skulle kart med oppmålingar gjort av kjentmann, med pianostreng og talg, for rundt 100 år sidan erstattast med elektroniske kart basert på nye oppmålingar. Då pengane vart overført til Kartverket var dette med visse reduksjonar. I tillegg vart Kartverket under momsreformen pålagt å betale moms på kjøp av tenester, noko som gjorde at totalsummen til utarbeiding av nye kart vart mindre, og målet om elektroniske sjøkart for heile kysten innan 2006 måtte skyvast noko ut i tid.

— Alle målingar frå før 1960 må gjerast på nytt, og Statens Kartverk er no i ferd med å gjere dette, seier Birkevold. Vi har leigd inn tyske oppmålarar og har sett ut sjølve produksjonen av karta til private kartprodusentar i Norge og India, og har under heile prosessen måtte ta avgjerder på kva område som skulle prioriterast først, seier han.

Pr. i dag dekker dei nye elektroniske sjøkarta heile Sør-Norge opp til Vega med nokon få udekte område i Hordaland og i Grenland. Desse områda er no i ferd med å bli kartlagt når Statens Kartverk innan årsskiftet avsluttar arbeidet med å gje ut nye sjøkart.

Kan ikkje stole blindt på dei gamle karta
Dei gamle karta er naturleg nok unøyaktige, men dette har vore til å leve med så lenge ein ikkje stolar blidt på dei og baserer seg på tradisjonell navigasjon i oppmerka lei. I dag nyttar ein imidlertid satelittnavigasjon der posisjonsnøyaktigheten frå satellittane langt overgår den nøyaktigheiten ein finn i dei gamle sjøkarta frå tidleg 1900-talet.

Sjølv om det ikkje er på det reine kva type kart Gudrun Gisladotter nytta då ho grunnstøytte, er det klart at grunna båten gjekk på ikkje var avmerka på dette kartet. Det er heller ikkje kjent om kapteinen var klar over at kartet var unøyaktig då han valde å ta ein snarveg i forhold til den oppmerka skipsleia.

— Sjøkartverket informerer så godt vi har ressursar til om farane som er knytt til å nytte digitaliserte versjonar av gamle kart, men det seier seg sjølv det er vanskeleg å nå ut til alle, seier Birkevold. Han seier vidare det også er viktig å vite at Sjøkartverket sjølv ikkje gir ut digitale kart der datagrunnlaget er for spinkelt og oppmålingane for gamle, som f.eks. i Nordland. Det gjer imidlertid private aktørar, og det er viktig å ikkje stole blindt på desse karta utanfor leia.

Gudrun Gisladottir har lege på botnen av Nappstraumen i Lofoten sidan juni 2002 og prosessen med å heve båten har blitt hala ut i lange tider. Bellona har heile tida pressa på for å få fortgang i dette arbeidet, og det ser no ut som at staten endeleg grip inn og hevar båten.