– En god begynnelse
– Bellona applauderer at regjeringen nå tør å sette tydelige krav for dødelighet i oppdrettsnæringen. Dødeligheten har vært altfor høy altfor lenge, ...
Nyheter
Publiseringsdato: 30. april, 2004
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
FN sin kommisjon for bærekraftig utvikling:
FN sin kommisjon for bærekraftig utvikling CSD 12 har frå 14. til 30. april hatt møte i New York og har samla rundt 90 ministrar av ulik nasjonalitet. I løpet av denne tida har ein m.a. gjort opp status for korleis ein ligg ann i høve til å oppnå måla som vart sette i 2002.
Det er ingen lystig situasjon vi ser i dag; meir en ein milliard menneske manglar tilgang til trygt drikkevatn og minst 2,4 milliardar manglar tilgang til grunnleggande sanitærløysingar. Vert ikkje noko gjort vil ein tredel av verdas befolkning bu i omåde med vatnmangel innan 2025. Denne situasjonen gjer det også vanskeleg å oppnå mål på andre område som fattigdom, svolt og miljø.
Men ting skjer, og m.a har EU bevilga 50 millionar Euro til Chad. Desse pengane gjer det mogeleg for Chad å implementere sin vatnpolitikk som vi gje trygt dikkevatn til over 2200 landsbyar.
– Vi treng å nyttegjere oss av den teknologi som er tilgjengeleg, vi treng finansiering og vi treng politisk vilje, skriv Brende og Töpfer i ein artikkel på CSD 12 sin siste dag. Dei meiner også at trygge og tilstrekkelege vasskjelder kan danne grunnlag for ein moderne fredspolitikk.
Børge Brende heldt, i kraft av å ha vervet som formann, også opningstalen då ministerdelen av samlinga starta onsdag 28. april.
– Det internasjonale samfunnet er ikkje i rute for å nå dei globale måla for vatn, sanitær og butilhøve. Innsatsen må styrkast monnaleg, sa Brende i opningstalen. Miljøvernministeren sa vidare at dei tidfesta måla er konkrete og realistiske, og mogelege å gjennomføre om innsatsen vert trappa opp.
– I alt for mange år har vi ikkje vist nok handelkraft. No må vi gjere vårt for å få til ei endring, la oss saman byrje eit tiår med implementering, sa Brende.
Vert måla som vart sette i 2002 nådd får 1,6 milliardar menneske reint drikkevatn, og 2 milliardar menneske tilgang til grunnleggande sanitærløysingar innan 2015. Innan 2020 skal levevilkåra til heile 100 millionar menneske som bur i slumliknande tilhøve betrast.
– Bellona applauderer at regjeringen nå tør å sette tydelige krav for dødelighet i oppdrettsnæringen. Dødeligheten har vært altfor høy altfor lenge, ...
Bellona-stifter Frederic Hauge jubler over at Morrow Batteries får 1,5 milliarder kroner i statlige lån, slik de har bedt om. – Jeg er lettet og stol...
«En seier som kan koste oss dyrt», skriver Dagsavisens kommentator 5. desember, og antyder at SVs gjennomslag for å stoppe konsesjonsrunden på havbun...
«På bare ett år har det svenske batterieventyret gått fra drøm til mareritt», skriver Aftenposten 28. november. Men globalt vokser batterimarkedet i ...