Nyheter

Statsbudsjettet blir Bondevik sin miljøeksamen

Publiseringsdato: 5. oktober, 2004

Skrevet av: Hanne Bakke

- Morgondagens statsbudsjett vert Bondevik sin miljøeksamen, seier Bellona-leiar Frederic Hauge. Det vil no bli klart om Regjeringa har sove i timen, eller om dei har gjort heimeleksa si.

Statsbudsjett 2005:

Bellona-leiaren meiner at er viljen til å prioritere miljø på plass hjå den sitjande regjeringa er det ei rekke saker ein ikkje kjem utanom.

Atomløyvingar til Russland
– For det fyrste må Bondevik ta inn over seg dei enorme atomutfordringane vårt naboland Russland står overfor, seier Hauge. Frå 1995 og til i dag er det løyvd ca 845 mill NOK til atomsikkerheitstiltak i Nordvest-Russland. Noreg har m. a. løyvd 80 millionar til opphogging av to ubåter av Victor-klassen. Men med Bondevik som statsminister har desse løyvingane til atomsikkerheitstiltak stadig skrumpa inn.

Då regjeringa Bondevik I sat ved makta var løyvingane til dette arbeidet 102 mill NOK. Desse løyvingane gjekk opp til 147 mill NOK under regjeringa Stoltenberg, for så å bli kutta med 22 millionar då Bondevik II tok over. I tillegg har løyvingssummen dei to siste åra vore den same, nemleg 125 millioner kroner, noko som gjer at det har vore ein nominell nedgang frå 2002 til 2003.

Bellona meiner det i statsbudsjett bør setjast av monalege midlar til dette arbeidet og at ein må få en heilskapleg plan for dette arbeidet slik at atomsikkerhetstiltaka kan skje i trygge former. Bellona meiner det er avgjerande at norske myndigheiter stiller strenge krav til dei midlane som vert løyvd til atomopprydninga og ikkje stoler blindt på opplysningar frå russiske myndigheiter.

Ta klimaansvar
Bellona meiner at for å ta klimaproblematikken på alvor er det fleire punkt regjeringa Bondevik må legge vekt på. For det fyrste må det satsast på hydrogen som drivstoff. Fritak for eingangsavgifta for hydrogenbilar som eigen post på statsbudsjettet vil bidra til å skape ein tidleg marknad for brukarar av hydrogen i Noreg. Dette vil gjere det lettare for norske myndigheiter å kome EU-direktiv i møte, samstundes som det gjev norske verksemder eit forsprang i den komande europeiske marknaden for hydrogen.

Bellona sendte 10. september eit brev til Finansminister Per Kristian Foss med oppmoding til at statsråden foreslår eit slikt avgiftsfritak på Statsbudsjettet for 2005.

Eit anna klimatiltak er monalege løyvingar for å fremje CO2-handsaminsteknologi. – Sjå på samarbeidet mellom Hammerfest Energi og Sargass, sier Hauge. Der vert eksosgass frå eit konvensjonelt gasskraftverk teke inn som lufttilførsel, og nytta som luft i kraftverket sin forbrenningsprosess. CO2en i denne gassen vert rensa, i tillegg til den CO2en som vert danna i kraftverket sin eigen forbrenning av naturgass. Hauge vonar og regjeringa Bondevik har sett seg inn i Bellona sitt casestudie med utgangspunkt i Statoil sin konsesjonssøinad om gasskraftverk på Tjelbergodden. I studien vert det vurdert gasskraftverk både med og utan CO2-handsaming og alternativet med er klart å føretrekke. Dette både som eit svar på dei utfordringane Noreg står overfor med å redusere CO2-utslepp, dekke eit aukande norsk og nordisk kraftbehov, få opp ressursane frå etablerte område fyrst og å bruke meir av gassressursane til verdiskaping i Noreg.

Taubåtar for å styrkje beredskapen
– Ei løyving til taubåtar er også punkt Bondevik sitt ”eksamenssvar” må innehalde, seier Hauge. Myndigheitene må bygge opp og styrke beredskapen langs kysten med taubåtar. Med ein stadig aukande trafikk av russiske oljetankarar er det uforsvarleg å ikkje satse på taubåtar som ein del av oljevernberedskapen. Å satse på taubåtar er dessutan svært god økonomi. Skulle ulukka vere ute og ein oljetankar går på grunn er det mykje større verdiar som kan gå tapt enn det vil koste å styrke beredskapen.

Hareide må prioritere Sauda
Bellona tykkjer og det vert spennande å sjå kva den nye guten i klassen, Miljøvernminister Knut Arild Hareide, har i sekken for sitt departement. Ei løyving til ei miljøløysing for Saudafjorden må til om han skal kome i nærleiken av å få ”bestått”. Når kraftutbygginga i Sauda startar etter nyttår gjev dette ein unik moglegheit til å nytte 1 million m3 steinmassar til å isolere forureina sjøbotn inst i Saudafjorden, nord for Ramsnes. Resultatet vert ein reinare fjord og fornuftig utnytting av overskotsmasse. Kostnadene med knusing av massane og tildekking vil verte høgare enn ved ein rein deponering, ein kostnad innbyggjarane i Sauda har fortent at Miljøverndepartementet løyver pengar til.

Bellona har orientert Miljøvernminister Hareide om situasjonen i eit brev datert 3. september. Dette er ei sak det er naudsynt å få inn på dette statsbudsjettet i og med at masseuttak vil starte allereie i andre halvår 2005.

Rens kvikksølvutsleppa i Mo
– Noko av det vi vonar å sjå på morgondagens budsjett er ei løyving på 25 mill NOK til rensing av kvikksølvutsleppa ved skrapstålverket til Fundia. Kjem dette på plass vil det vere helse- og miljøvern i praksis som innbyggjarane i Mo vi føle direkte på kroppen, seier Frederic Hauge

Bellona har i langt tid arbeida for å redusere utsleppa i Mo i Rana med særskild fokus på Fundia Armeringsstål AS, som har 400 industriarbeidsplassar og som smeltar om skrapjern til armeringsstål. Verksemda har det høgaste punktutsleppet i Noreg av miljøgifta kvikksølv, samt store utslepp av støv, dioksinar og andre tungmetall som utgjer ein stor global og lokal miljøbelasning. Eit reinseanlegg vil kunne rense alle desse utsleppa (støv, kvikksølv, dioksinar, tungmetall, organiske bindingar) med over 90%

Seinast 24. september i år, under konferansen ”Framtidas miljøkrav – leve eller dø”, oppmoda Bellona-leiaren Regjeringa om å sette av 25 mill NOK på statsbudsjettet til reinseanlegg

Tidlegare ministrar har signalisert at dei ynskjer å bidra økonomisk med eit slikt reinseanlegg, men har trekt løfta tilbake når det blir snakk om kroner og øre. Ei løyving til Mo i Rana vil difor vere eit flott høve for ein fersk statsråd, både å gjere opp for forgjengarane sin mangel på handling, og samstundes vise at han meiner alvor.

”Bestått” eller ”kan bli betre”?
Då Statsbudsjettet 2004 vart lagt fram i oktober i fjor var det ikkje eit budsjett som lyste av miljøengasjement. Spesielt i negativ retning utmerka den manglande løyvinga til å fylle kunskapshola som vart avdekka i utgreiinga om olje i nord (ULB), og at det ikkje vart satsa meir på utvikling av nullutsleppsteknologi på allereie opna oljefelt. På Statsbudsjettet 2004 vart det og sett av 19 mill NOK til infrastruktur for ”miljøvenleg bruk av Naturgass”. Bellona sette den gongen spørjeteikn ved kven som skulle motta desse pengane – då miljøstiftinga enno ikkje har sett noko prosjekt som totalt sett er miljøvenleg.

Morgondagen vil avsløre om Bondevik har brukt tida sidan førre budsjett godt, eller om det blir ein ny ”kan bli betre”.