Nyheter

Hareide må stille tøffe klimakrav under COP10

Publiseringsdato: 9. desember, 2004

Skrevet av: Hanne Bakke

Under konferansen COP 10 i Buenos Aires skal klimapolitikken post-Kyoto utformast. Bellona forventar at vår mann Hareide viser at Norge har ambisjonar om store utsleppskutt.

Klimakonferansen COP 10 i Buenos Aires er no inne i sin tredje dag, og neste veke reiser miljøvernminister Hareide for å delta på konferansen sin ministerdel. Bellona meiner Hareide må ha med seg krav om ein langt meir ambisiøs klimaavtale som set langsiktige utsleppsmål.

Kofferten full av klimakrav?
Tidlegare har Miljøvernministar Hareide sagt at han vil understreke kor viktig det er å jobbe for ein langsiktig klimapolitikk, at utviklingslanda også forpliktar seg til utsleppsreduksjonar og at USA må kome med i eit samarbeid. Bellona forventar difor at ministeren har fylt opp kofferten med tøffe klimakrav når han set seg på flyet til Sør-Amerika.

COP 10 er utfordrande fordi svært mange partar kjem saman for å diskutere langsiktige klimamål, og skal saman brainstorme fram forslag til vegen vidare. Bellona meiner det er viktig for partane å erkjenne at det ikkje er lenge til 2012 og post-Kyoto kvardagen tek til. Difor er det viktig at ein tenker langsiktig og set ambisiøse og strenge utsleppsmål. I tillegg er det naudsynt å ikkje gje opp å få med USA på eit forpliktande klimasamarbeid.

Konkrete utfordringar
Medan COP 9 i Milano i fjor var prega av usikkerheit omkring Russland sin ratifikasjon av Kyoto-protokollen er det no klart at den vil tre i kraft 16. februar 2005, og diskusjonane under COP 10 vil difor vere prega av konkrete framtidsutfordingar. Høgt på agendaen for COP 10 er også fokus på teknologiutvikling knytt til CO2–deponering. Bellona meiner CO2-deponering er heilt essensielt på vegen mot ei rein energikjede.

COP 10 vil imidlertid i hovudsak fokusere på post-Kyoto utsleppsmål og på korleis ein kan få med utviklingsland på forpliktande klimasamarbeid. Det er venta at diskusjonane om framtidas klimapolitikk, etter Kyoto-forpliktingane er over i 2012, vil vere det vanskelegaste temaet som skal diskuterast. Frå den datoen vert det nemleg forventa at raskt voksande økonomiar som Kina og India også i ein eller anna form forpliktar seg til utsleppsreduksjonar. I dag står utviklingsland for rundt 40% av det globale utsleppet av CO2, men stiller seg motvillige til å forplikte seg til avtalar og konvensjonar som dei ser på som eit hinder for deira økonomiske vekst.

USA forventar ikkje å signere
USA, som er verdas største utsleppar, av CO2 har allereie sagt at dei tykkjer det er for tidleg å snakke om post-Kyoto perioden. USA sin leiar for klimaforhandlingar, Harlan Watson, sa 2. desember at dei ”ikkje forventar å signere nye avtalar” i Buenos Aires. USA er del i Klimakonvensjonen men sa i 2001 nei til Kyoto-protokollen.