– En god begynnelse
– Bellona applauderer at regjeringen nå tør å sette tydelige krav for dødelighet i oppdrettsnæringen. Dødeligheten har vært altfor høy altfor lenge, ...
Nyheter
Publiseringsdato: 1. april, 2003
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
I USA har Energidepartementet (DOE) starta opp eit prøveprosjekt for å finne ut om klimagassar kan lagrast permanent under jorda. I løpet av 2002 injiserte amerikanske forskarar ca 2100 tonn CO2 i tomme oljebrønnar i nærleiken av Hobbs, New Mexico. Denne mengda CO2 er samanliknbar med ein dags utslepp frå eit gjennomsnitts kolfyrt kraftverk.
Treng fleire data
Olje og gassbrønnar vert rekna som særs eigna til å lagre CO2 i fordi oljen og gassen opprineleg produsert i desse ikkje har leke ut i grunnfjellet. Geologien rundt gamle olje og gassbrønnar er også nøye kartlagt i tilknyting til oljeproduksjonen der, og ein kan nytte eksisterande data å bygge vidare på i forskingsarbeidet omkring CO2-deponering.
Trass i store mengder data om geologien i kring oljebrønnane er det naudsynt med feltforsøk på CO2-deponering. Forskarane overvakar no den lagra gassen for å sjå om det oppstår endringar i steinformasjonane i reservoaret. Sjølv om liknande prosjekt er på gang andre stader i USA, og elles i verda, har ikkje forskarane gode nok data på kor lenge CO2 gassen kan lagrast, og kva fysiske og kjemiske endringar som kan oppstå i steinformasjonane som vert nytta til lagring.
Bush positiv til CO2-deponering
Ein har ein relativt omfattande erfaring med CO2-injeksjon i USA, der CO2 har vore nytta i oljebransjen i snart 40 år. Det primære målet har likevel aldri vore å deponere CO2. Det er berre CO2 sin evne til å auke oljeproduksjonen ein har vore ute etter. Under Bellona sin hydrogenworkshop i EU-parlamentet førre veke, presenterte Michael Austell frå INCO2 erfaringar frå USA som viser at deponering av CO2 kan gje Norge meir olje frå eksisterande felt.
CO2-deponering er av president Bush utpeika som ein av dei mest lovande tilnærmingane til å redusere utsleppet av klimagassar på kort sikt, og dette vert undersøkt som ein del av presidenten sitt Global Climate Change Initiative. Bellona Web har tidlegare skrive om eit anna prosjekt i Ohio, USAm der ein no driv med seismiske testar av grunnfjell for å sjå om det er eigna for CO2 lagring.
Les meir om prosjektet i New Mexico på det Amerikanske Energidepartementet sine heimesider (bruk linken til høyre).
– Bellona applauderer at regjeringen nå tør å sette tydelige krav for dødelighet i oppdrettsnæringen. Dødeligheten har vært altfor høy altfor lenge, ...
Bellona-stifter Frederic Hauge jubler over at Morrow Batteries får 1,5 milliarder kroner i statlige lån, slik de har bedt om. – Jeg er lettet og stol...
«En seier som kan koste oss dyrt», skriver Dagsavisens kommentator 5. desember, og antyder at SVs gjennomslag for å stoppe konsesjonsrunden på havbun...
«På bare ett år har det svenske batterieventyret gått fra drøm til mareritt», skriver Aftenposten 28. november. Men globalt vokser batterimarkedet i ...