
Johan Castberg – en varslet katastrofe
Bellona har gjentatte ganger avslørt alvorlige forhold på Equinors oljeskip Johan Castberg, og er ikke overrasket over at prislappen nå har økt med 1...
Nyheter
Publiseringsdato: 20. august, 2003
Skrevet av: 2557
Nyheter
Den nye serien blir kalla Nexa RM og er tenkt brukt som back-up straum til næringslivet f.eks. for telekommunikasjonssystem som signalsendarar til mobilnettet, dataknutepunkt og minibankar, når den ordinere straumforsyninga sviktar.
–> Modulær
Den nye Nexa RM serien er modulær, og effekten er skalert i 1kW intervalleiningar for best mogeleg å kunne tilpassast det enkelte bruksområde. For å drifte utstyr i telekommunikasjonsbransjen ligg det typiske energibehovet på mellom 5kW til 20 kW.
I følgje ein pressemelding frå Ballard skal Nexa RM serien vere spesielt godt eigna for å levere back-up straum ved lengre stans i det vanlege straumnettet. Og dei nye aggregata er utvikla for å fungere som såkalla uninterruptible power system UPS.
Nexa RM serien blir no testa ut og det er berekna at den vil bli lagt ut for salg i 2004.
Storleverandørar av hydrogenteknologi
Frå før leverer canadiske Ballard Power Systems både portable og stasjonære hydrogen brenselcellegeneratorar for periodisk og/eller kontinuerleg bruk. Primært rettar brenselcelleaggregata til Ballard seg mot installasjonar med eit kraftbehov frå 1kW til 250 kW.
Stor betalingsvilje for straumsikring
Ein skulle tru lanseringa kjem på eit særs gunstig tidspunkt sidan nesten heile Nord-Amerika skjelv etter tidenes straumstans førre veke. Men amerikanske marknadsanalytikarar stiller seg litt avventande til om brenselcelleaggregat vil kunne konkurrere prismessig med vanlege dieselaggregat, og seier til CNN at allereie no er det komme mange nye alternative energiprodukt i kjølvatnet av straumstansen, og det er enno for tidleg å bli ekstatisk over alt det nye.
Dermed er det berre vente til aggregata er ferdig testa og sjå om marknsadsanalytikaren får rett, eller om den vanlegvis store betalingsviljen for straumsikring gjer at det blir hydrogen som tryggar straumforsyninga til næringslivet i tida framover.
Bellona har gjentatte ganger avslørt alvorlige forhold på Equinors oljeskip Johan Castberg, og er ikke overrasket over at prislappen nå har økt med 1...
Biomasse. Bioteknologi. Fôr. Lakseoppdrett. Naturrestaurering. Nye proteinkilder. Genteknologi. Lavtrofisk havbruk. Bioenergi. Plast. Landbruk. Matsy...
– For å nå klimamålene er det helt nødvendig å akselerere utviklingen fra en fossilbasert økonomi til en biobasert økonomi i Norge. Dette vil bety st...
Gasskraftverk på norske oljeplattformer slipper ut 10 millioner tonn CO2 hvert år. Nå har miljøstiftelsen Bellona gått sammen med Ocean-Power for å k...