Arendalsuka 2026 – fra mineraler til AI-svermer
Bioteknologi, solceller som levegg mot vind og AI-svermer som kan lage falsk folkelig konsensus i klimadebatten. Sikkerhetspolitikk og en urolig verd...
Nyheter
Publiseringsdato: 26. mars, 2003
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
Resultatet er kome fram i eit prøveprosjekt SSB har utført på oppdrag frå Statens Forureiningstilsyn (SFT). Grunnen til den kraftige nedgangen skuldast at tekstilbransjen nyttar mindre slike kjemikaliar etter at det vart innført avgift på perkloretylen i renseriprodukt.
Nedgang i bruk av kreftframkallande stoff
Bruken av kreftframkallande, arvestoff- eller reproduksjonsskadelege produkt, såkalla CMR-klassifiserte produkt, gjekk i same periode ned også i lakk og malingsproduksjon, samt i ymse utfyllingsmaterialar. Bruken av CMR-haldige pusse- og polérmidlar gjekk derimot opp.
Auke i bruken av allergiframkallande produkt
I perioden 1999 til 2001 auka bruken av allergifremjande stoff med 14 prosent, eller 200 tonn. Denne auken skuldast for det meste auka bruk av maling og lakkprodukt, men også auke i bruken av ålmenne reingjeringsmiddel som er klassifisert som allergiframkallande.
Vil ha årleg undersøking
Stortingsmelding nr. 24 (2000-2001) slår fast at ein må ha ein kraftig reduksjon i bruk og utslepp av kjemikaliar som er skuld i skade på helse og miljø. I samband med dette vonar SSB at dette prøveprosjektet kan bli ein årleg undersøking. Ein årleg statistikk over kjemikaliebruk i hushalda vil kunne gje eit grunnlag for å sjå om ein når måla frå stortingsvedtaket. Det er då naudsynt å overvake bruken av kjemikaliar over eit lengre tidsrom for å kunne utvikle sikre tal. SSB ynskjer og å utvide statistikken til andre næringar.
Kjelde: Statistisk Sentralbyrå
Bioteknologi, solceller som levegg mot vind og AI-svermer som kan lage falsk folkelig konsensus i klimadebatten. Sikkerhetspolitikk og en urolig verd...
Deres Majestet Kong Harald, takk for ditt utrettelige engasjement for miljø- og klimakampen, for din fantastiske humor og din klokskap. Vi kommer til...
– Det er en klassisk «Keiserens nye klær»-mentalitet når oljenæringen og politikere argumenterer med at vi må lete etter mer olje og gass for å hindr...
ONS i Stavanger: – Norge bør ikke risikere forholdet til sine viktigste allierte og kunder for å satse på en industri som er unødvendig, miljømessig ...