Ny skrogvask-standard gir retning for renere skip
Samtidig som norske myndigheter har varslet en forskrift for håndtering av begroing på skipsskrog, har det nå blitt publisert en norskledet global IS...
Nyheter
Publiseringsdato: 18. januar, 2005
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
Etter å ha avslutta si interne gransking etter Snorre-lekkasjen 28. november i fjor, konkluderer Statoil med at det var feil gjort internt som var skuld i den farlege situasjonen.
– Dette var ein svært alvorleg hending som i yttarste konsekvens kunne ført til store skadar på menneske, miljø og materiell, seier konserndirektør for Undersøking og produksjon i Noreg, Terje Overvik, i ei melding.
– Utilstrekkeleg planlegging
Statoil si interne gransking konkluderer med at den bakanforliggjande årsaka til hendinga var utilstrekkeleg planlegging og forståing for risiko, samt manglande etterleving av styrande dokumentasjon. Potensialet i hendinga låg i gassvoluma som lakk ut og som kunne blitt antent, heiter det i meldinga frå Statoil.
– Sikker drift er ein føresetnad for all vår verksemd. Granskinga vår viser at vi ikkje har klart å leve opp til våre eigne mål. Vi må lære av hendinga og tek tak i arbeidsprosessar og styringssystema i Snorre for å unngå ein liknande situasjon i framtida, seier Terje Overvik vidare.
Produksjonen stengd
Det var den 28. november i fjor ein ustabil brønn med fare for blowout gjorde det naudsynt å evakuere Statoil-plattformen Snorre A på Tampen-området. Ingen vart skadd i hendinga men 180 personar vart evakuert frå plattformen. Produksjonen ved Snorre A har vore stengt sidan hendinga og sjølv om Statoil sjølv ville ta oppatt drifta ved plattformen 21. desember sa Petroleumstilsynet nei. Petroleumstilsynet granskar enno lekkasjen.
Statoil si gransking viser at den direkte årsaken til lekkasjen var at det oppstod ein sugeeffekt kor gass vart trukke inn i brønnen frå reservoaret då eit ekstra foringsrøyr vart trukke ut. Gassen strauma vidare ut via ein slitasjeskade i eit utanforliggjande foringsrøyr og ut i formasjonen til havbotnen.
Statoil har nyleg fått løyve til å starte oppatt produksjonen på undervatnanlegga på Snorre A, og det er venta at ein snart vil sende inn ein søknad om å starte oppatt drifta også på hovudfeltet.
Samtidig som norske myndigheter har varslet en forskrift for håndtering av begroing på skipsskrog, har det nå blitt publisert en norskledet global IS...
Debatten om kunstige metanhemmere har blitt en test på hvordan vi håndterer kunnskap i et informasjonsmiljø der frykt sprer seg raskere enn dokumenta...
Er konsekvensene av et klimasøksmål mot Norge så store at Norge ikke kan la være å handle? Onsdag kveld samlet Bellona noen av landets fremste klimaj...
Den ferske avgjørelsen fra EFTA-domstolen slår fast at norsk sokkel er omfattet av EØS-avtalen. Det er en prinsipiell avklaring med vidtrekkende kons...