Nyheter

Snøhvit: Løgn og fanteri

Snøhvit-anlegget i Finmark overskrider nå budsjettet med nærmere 20 milliarder kroner.
Foto: Eiliv Leren/Statoil

Publiseringsdato: 22. august, 2006

Politikarane lova at Snøhvitutbygginga ikkje handla om olje, men var et reint gassprosjekt. Bellona trudde ikkje på dei, og er desverre i ferd med å få rett. No krev Bellona ryddig politisk behandling.

Det er uakseptabelt å opne for oljeutvinning på Snøhvit utan at dette vert behandla politisk på ein ryddig måte. Dersom ein opnar for oljeutvinning no, bryt dette med lovnadene Stortinget ga då dei godkjende Plan for Utbygging og drift av Snøhvit LNG, seier Unni Berge, fagansvarleg for olje i Bellona.

Då Stortinget vedtok Snøhvit-utbygginga i 2002 kritiserte Bellona dei som hevda dette var eit reint gassprosjekt, som ikkje handla om olje. Likevel uttala politikarar frå stortingsfleirtalet følgjande 7. mars 2002:

Leif Frode Onarheim, leiar i energi- og miljøkomiteen for regjeringspartiet Høgre; ”Uttalelsene fra fiskerne i regionen har vært positive. Fiskerne og deres organisasjoner har tatt utgangspunkt i at Snøhvit er et gassprosjekt. (…) Jeg skulle ønske vi i denne sal kunne ta hverandre litt på ordet. Jeg har sagt flere ganger at dette er et gassprosjekt. Snøhvit er konsekvensvurdert som et gassprosjekt.”

I same debatt uttala Rolf Terje Klungland, frå det noverande regjeringspartiet Ap:”La meg så si at Snøhvit er et gassprosjekt. Oljeutvinning i Barentshavet er ikke en del av proposisjonen, og er derfor heller ikke en seriøs del av denne debatten.”

Og Karl Erik Schjøtt Pedersen frå Arbeiderpartiet uttala ”Snøhvit er en ren gassutbygging. Det skal ikke produseres olje i det hele tatt. Det er ikke fare for oljeutslipp.”

Bellona reagerer difor sterkt på at olje- og energiministar Odd Roger Enoksen no uttalar seg i positive ordelag om å utvinne olje på Snøhvit-feltet, utan at saka har vore handsama på ny.
Då Snøhvit vart godkjendt, lova Arbeiderpartiet som no sit i regjering, at Snøhvit skulle vere eit reint gassprosjekt. Dersom ein no gjev klarsignal til oljeutvinning, betyr dette at lovnadene frå 2002 berre var løgn og fanteri, seier Unni Berge i Bellona.

Bellonar lovar no kamp mot å utvinne oljen frå Snøhvit.

Området der Snøhvit ligger er sårbart og verdifullt. Oljevern­beredskapen i området er mangelfull, noko seinare øvingar har vist. Vinterstid vil effektiviteten på oljevernberedskapen vere ubrukeleg ein av to dagar i året, uttalar Unni Berge, fagansvarlig for olje i Bellona.

For ytterlegare spørsmål Kontakt Unni Berge i Bellona tlf 99 20 50 80