Samfunnsoppdraget om bærekraftig fôr – fast track eller sneglefil?
Skal vi lykkes med å redusere utslippene fra fôret til dyrene i norsk matproduksjon, må vi legge til rette for industribygging i stor skala og for at...
Nyheter
Publiseringsdato: 5. september, 2022
Skrevet av: Signy Fardal
Nyheter
Etter å ha besøkt petroholiker-festivalen ONS og sniffa inn oljebaserte løysemiddel og dufta av sjølvgodheit, toppa Equinor laget på onsdag med Irene Rummelhoff. Frå talerstolen i Stavanger kom Equinor-toppen, sivilingeniøren og nyslått energiøkonom, med analysen at den ekstreme energikrisa i Europa ikkje har med Putins krig å gjere. I følge oppslaget i DN fredag 2.september hevda Rummelhoff at årsaken var manglande oljeinvesteringar på grunn av klimaaktivistar.
Dette innlegget av daglig leder i Bellona, Hallstein Havåg, ble først publisert på dn.no og stod på trykk i Dagens Næringliv lørdag september.
Det er heilt openbert at vi i miljøbevegelsen blir «trigga» av slike uttalelsar. Men det som gjer meg mest forbanna er den sjølvsagte bruken av halvsannheiter og alternativ historiefortelling. Så la oss sjå på det:
For å ta Norge først: Vi har investert veldig mykje i norsk petroleumsnæring og for lite i energisektoren elles. I 2021 var investeringar på norsk sokkel på 180 milliardar og investeringar i kraftforsyning på 38 milliardar. Ifølgje Norsk petroleum sine eigne tal har investeringar på Norsk sokkel vore jevnt høge siste 12 åra og var på sitt lavaste i 2010 (124 milliardar). For to år sidan fekk oljenæringa i Norge ein tilleggspakke på 100 milliardar kroner, i ei tid då oljeprisen var over 40 dollar fatet. Kor mykje meir vil du ha, Rummelhoff?
Viss Equinor skulle hatt meir midlar til investeringar kunne dei kanskje latt være å søle vekk dei 200 milliardane i USA, eller redusere vedlikeholdsbudsjettet så mykje at anlegget på Melkøya brann opp. Begge delar er saker Rummehoff var ein del av eller hadde ansvar for.
Krigen i Ukraina og sanksjonane frå Vesten har gjort at EU må finne alternativ til 40% av sin gassimport. Russland byrja alt mot slutten av 2021 å strupe gassforsyningar til Europa, og i januar beskyldte IEA Russland for å bruke reduserte gassleveransar for å destablilisere Europa sitt energimarked. Det er heilt openbert at energi er ein del av Russlands krigføring. Det er heilt skamlaust av Equinor å avskrive denne virkeligheita og heller gråte for si sjuke mor. Det framstår som reinvasking og bortforklaring av blodige realitetar.
Petroleumsbransjen har gjennom mange år jobba hardt for å gjere det Europeiske energisystemet avhengig av gass. Frå 2010 til 2018 brukte verdens fem største oljeselskap over 250 millionar Euro på å lobbe EU-institusjonar. Det har dei brukt til å gjere energisektoren avhengige av sine produkt, og å forsinke nødvendige klimakutt. Og dei har fått det som dei ville. Sjølv i EU sitt rammeverk for grønne investeringar, vedtatt tidlegare i år, er gass klassifisert som «fornybar». Eg spør igjen: kor mykje meir vil du ha, Rummehoff?
Equinor delte talerstolen i Stavanger med Nick Butler, tidlegare BP-topp og no professor King’s College. For to veker skreiv han eit lesarinnlegg i Guardian med tittelen “I worked for BP for 30 years – the energy sector has become incompetent and greedy”. Eg må seie meg enig.
Rummelhoff har rett i ein ting. Energikrisa skuldast for låge investeringar. For lite investering i fornybar, alternativ energi, infrastruktur for elektrisitet, elektrifisering av samfunnet, diversifisering og energieffektivisering. For å nå klimamåla må vi investere oss vekk frå petro-avhengigheita, ikkje låse oss fast i den. Den utviklinga kan ambisiøse «energi-selskap» som Equinor være ein del av. Ein start ville være å ikkje forsøke å omskrive historia.
Skal vi lykkes med å redusere utslippene fra fôret til dyrene i norsk matproduksjon, må vi legge til rette for industribygging i stor skala og for at...
– Kommunene forvalter arealplanene som er nøkkelen til å produsere mer mat fra havet, sa Bellonas Silje Båtsvik Risholm når Lerøy holdt sjømattreff f...
– I realiteten har vi en kommende havbruksmelding som tar utgangspunkt i en lakse-NOU. Det er hverken fremtidsrettet eller ambisiøst nok når det komm...
Bellona leverte fredag 6. september sine innspill til regjeringens varslede stortingsmelding om industri. Skal Norge nå klimamålene på en måte som...