Internasjonal interesse for Bellona-jobb
Miljøstiftelsen Bellona har ansatt Heidi Arponen som daglig leder for Senter for marin restaurering i Lofoten og Kristian Louis Jensen som leder for ...
Nyheter
Publiseringsdato: 20. mai, 2003
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
Pådrivar
Eidesvik AS er nominert på bakgrunn av sitt arbeid både som pådrivar for å utvikle regelverket slik at gassdrivne skip kan bli kommersielt interessante, og for utviklinga og bygging av skip som nyttar flytande naturgass som primært brennstoff for framtida.
Eidesvik AS har utvikla det første offshore-forsyningsskipet som nyttar flytande naturgass (LNG) som drivstoff. Dette reduserer utsleppa av NOx med 85 prosent, CO2 med 20 prosent og SOX med 100 prosent i høve til konvensjonelle skip. Dei har og ambisjonar om å byggje verdas første brenselcelle-forsyningsskip.
B7 partnar
Bellona og Eidesvik AS inngjekk 27.03.03 eit samarbeid for å utvikle framtidas brenselcelle-skip gjennom Bellona sitt samarbeidsprogram for næringslivet – B7. Bellona skal sjå på kva verkemiddel og tiltak som skal til for at ein miljøriktig løysing skal kunne kommersialiserast. I dette partnerskapet vil ein ved å nytte eksempelet si makt utfordre næringslivet og myndigheitene til å gje ny teknologi eit konkurranseføretrinn.
Forbetringar av det globale miljøet
Prisen vart oppretta i 1999 av Thor Heyerdahl og Norges Rederiforbund med det føremål å gje eit bidrag til forbetringar av det globale miljøet, synleggjere skipsfarten sine miljømessige føremonnar som transportform, og inspirere til iverksetjing av nye miljøtiltak. I statuttane til prisen står det at for å kvalifisere til ein nominasjon må ein ha gjort ein betydeleg innsats til beste for det maritime miljøet som for eksempel ved å ha teke i bruk, eller hjupe til med å ta i bruk, miljøtiltak i eiga verksemd som ikkje er pålagde av nokon myndigheiter. Eller for å ha utvikla miljøtiltak som er gjennomførbare og økonomisk lønnsame – dette vil spesielt inkludere tiltak som kombinerer miljøinteresser med auka konkurranseevne.
Prisen er på 100.000 US Dollar samt ein statuett av Nico Widerberg, og blir delt ut ved ein markering i Oslo Rådhus tysdag 3. juni.
Les meir om Eidesvik AS og Thor Heyerdahls internasjonale maritime miljøpris.
Miljøstiftelsen Bellona har ansatt Heidi Arponen som daglig leder for Senter for marin restaurering i Lofoten og Kristian Louis Jensen som leder for ...
Miljøstiftelsen Bellona styrker fagarbeidet med ny rådgiver på industri. Vi ser etter en samfunnsorientert rådgiver med teknologi- og miljøforståelse...
Etter en vellykket tarehøsting i Drøbak og et godt besøkt folkemøte på Oslofjordmuseet har Bellonas pilotprosjekt Oslofjorden Tarepark nå fått en kon...
Styret i Miljøstiftelsen Bellona har ansatt tidligere klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn som daglig leder for Bellona i Norge. Rotevatn v...