Bellonas innspill til industrimeldingen
Bellona leverte fredag 6. september sine innspill til regjeringens varslede stortingsmelding om industri. Skal Norge nå klimamålene på en måte som...
Nyheter
Publiseringsdato: 7. mai, 2003
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
Myndigheitene har lenge blitt skulda for å ha teke alt for lett på følgjene av forureininga, som er blitt ein katastrofe for fiskarar og turistindustri i heile det nordvestlege Spania. Tidlegare har Prestige- kommissær Rodolfo Martin Villa provosert ved å seie at dei økonomiske konsekvensane etter havariet blir mindre enn venta.
Men no har altså den spanske vise-statsministeren Mariano Rajoy Brey teke kontakt med advokatar i England og USA for å reise sak mot dei som eigentleg er skuld i katastrofa. Han varslar juridiske tiltak mot selskapet som godkjende skipet (American Bureu of Shipping) og forsikringsselskapet The London P&I. Til El Mundo seier Rajoy Brey at Prestige-ulukka berre til mars månad har kosta Spania 328 millionar euro. Vi vil ha tak i dei som står bak, og vegen å gå er via rettssystemet.
Tilgrisa 900 kilometer kyst
Den 26 år gamle oljetankaren Prestige var lasta med meir enn 77 000 tonn fyringsolje då den forulykka utanfor Finisterre, Galicia i Spania. Prestige byrja å leke olje 13. november i fjor og sokk seks dagar seinare. Meir enn 20 000 tonn olje lak ut og tilgrisa rundt 900 kilometer av Spania sin nordvestlege kyst. Den Galiciske kysten vart meir eller mindre asfaltert av olje og dette har orsaka den største økonomiske og miljømessige krisa i landsdelen sin historie. I februar vart tankane på vraket av Prestige forsegla, men fram til dette lak det dagleg ut olje. I dag, eit halvt år seinare, ligg Prestige framleis knekt i to med store mengder drivstoff i tankane.
Kan ha forureina 100 000 200 000 fuglar
I følgje El Mundo har den spanske ornitologiske foreininga, SEO, talt opp meir enn 23 300 fuglar tilsølt av olje langs kysten i Spania, Frankrike og Portugal. Ut frå dette estimerer dei at 100 000- 200 000 fuglar verda over kan ha blitt forureina som følgje av Prestige. Rundt ¾ av dei registrerte fuglane døydde som følgje av oljeskadane.
Talsmann for Prestige-kampanjen i det spanske ornitologiske foreininga, Laura Garcia, seier at dei siste vekene har ein dagleg funne mellom tre og fire oljetilsøla fuglar.
Bellona leverte fredag 6. september sine innspill til regjeringens varslede stortingsmelding om industri. Skal Norge nå klimamålene på en måte som...
Transport på den nordlige sjørute er ikke bærekraftig, og Kirkenes må ikke bli et aktuelt knutepunkt for transport langs kysten av Sibir. Bellona men...
Norsk olje- og gassproduksjonen vil falle, men Regjeringen vil ikke planlegge for det. Forstå det den som kan. At norsk olje- og gassproduksjon ko...
– Jo flere vi er som sier det samme, jo lettere har vi for å bli hørt, sa Bellonas spesialrådgiver Stein Lier-Hansen og inviterte til dialog om regje...