Bellonas program på Arendalsuka 2026
I år markerer Bellona 40 år som uavhengig miljøstiftelse. Under Arendalsuka inviterer vi til debatter og samtaler om noen av de viktigste klima- og m...
Nyheter
Publiseringsdato: 9. juli, 2003
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
Oljevernberedskap:
I kjølvatnet av at oljetankaren Moscow kom i drift utanfor Honningsvåg for to veker sidan har no Regjeringa beslutta at to beredskapsfarty skal plasserast i Finnmark. Etter planen skal båtane vere på plass til hausten.
Det må kome fleire forbetringar
— Dette er eit bra tiltak, men vi må også ha utbetringar på fleire andre felt, seier Christine Karlsen, juridisk rådgjevar i Bellona. Oljevernberedskapen langs kysten er langt frå god nok, og Bellona har tidlegare krevd forbetringar på ei rekkje punkt.
På plass til hausten
Det skal no setjast i gong ein anbudsrunde for å leige inn dei to beredskapsfartya. I anbudsinvitasjonen vert det teke atterhald i at regjeringa og Stortinget endeleg godkjenner planane. Fram til dei to fartya er på plass samarbeidar Fiskeridepartementet og Forsvarsdepartementet om å nytte Forsvaret sine farty til å dekke slepebehovet. Fiskeridepartementet vil også sjå på moglegheitene for å dekke slebebåtbehovet på andre måtar som f.eks. ved å nytte større fiskefarty.
Transporten langs kysten vil auke
I ei pressemelding seier fiskeriminister Svein Ludviksen at det er forventa at oljetransporten langs norskekysten vil auke vesentleg, og ei styrking av slepebåtkapasiteten er absolutt nødvendig.
Berekningar Bellona har utført viser at oljetransporten frå Vest-Sibir som går langs norskekysten vil auke drastisk innan ein 5-års periode. Estimat viser at ca. 80 mill. tonn olje årleg vil bli skipa ut frå Vest-Sibir i dette tidsrommet. Som en følgje av dette er det forventa det at storleiken på tankarane som vil gå langs kysten vår også vil auke, og det kan ikkje utelukkast at tankarar på heile 300 000 tonn kan kome til å passere norskekysten for å ta unna for den store produksjonsaukinga i regionen.
I år markerer Bellona 40 år som uavhengig miljøstiftelse. Under Arendalsuka inviterer vi til debatter og samtaler om noen av de viktigste klima- og m...
I sommer har Tor Mikkel Wara (Frp) og Joakim Hauge hatt en løpende debatt, i NRK, Finansavisen og Energi og Klima. I dagens Politisk kvarter på NRK v...
Regjeringen åpner for at genmodifiserte fôrråvarer (GMO) kan brukes i norsk havbruk, men ikke i landbruk. – Det faglige underlaget viser at disse rå...
Bellona møttte i dag energiminister Terje Aasland for å overlevere anbefalingene fra CCS-rundebordskonferansen 2026. Budskapet er tydelig: Norge må f...