Nyheter

Havgåande fiskebåtar som slepeberedskap

Slepebåten Skandi Beta
Foto: Fiskeridepartementet

Publiseringsdato: 31. oktober, 2003

Skrevet av: Hanne Bakke

I samband med intensjonsavtalen mellom Fiskebåtredernes Forbund og Fiskeridepartementet om bruk av fiskebåtar som slepestøtte, er det utarbeida ein rapport som går gjenom kva som må på plass før ordninga kan ta til.

Oljevernberedskap:

I rapporten ”Havari- og oljevern i Nord-Norge” som er utarbeida av Fiskebåtredernes Forbund, J.M. Hansen AS og Tromsø Skipsverft AS går det fram at norske havgåande fiskebåtar kan nyttast som slepebåtar ved havari, men at ei rekke ting må på plass fyrst.

Båtane må rustast opp
Blant dei tinga som må på plass før fiskebåtane kan fungere som slepebåtar er eit rammeverk for dei tekniske løysningane og for personell. Også økonomiske rammer, tilgjenge og opplæring må gjennomgåast.

I alt ca. 100 fiskefarty i havfiskeflåten har over 45 tonn slepekraft. Rapporten gjev ein oversikt over 98 fiskefarty som kan nyttast som slepestøtte, men sjølve utveljinga er ei oppgåve for myndigheitene, og vert ikkje kommentert i rapporten. Rapporten estimerer at kvar av dei 98 båtane som kan inngå i slepeberedskapen må rustast opp for 220.000 kroner kvar, men konkluderer med at beredskapen langs kysten kan bli mykje forbetra med relativt beskjedne pengesummar.

Opprustninga av trålarane inneber dei har følgjande ekstra utstyr ombord for å kunne utføre slepeassistanse:

  • Kraftig linekasteapparat inklusiv utskytingsstativ
  • Sjaklar for innfesting av trålvaier til svivel
  • Svivle med 200 tonn SOL
  • Sjakkel for innfesting av svivel til slepetrossa, 200 SOL
  • Eit eige skap vert bygd for dette utstyret

Det vert også sett krav til lanterneføring, noko som kan innebere ekstra montering av lanterner og signal. Fiskebåtredernes Forbund meiner ein må etablere kompensasjonsordningar for opprustinga, øvingar, ekstraforsikringar m.m.

Det er og utarbeida ein operasjonsplan for fiskefartya i beredskapen. Båtane skal inngå i Kystberedskap og aksjonsleiningsplanen (KYBAL). Fiskefartya som mottek mobiliseringsvarsel vert underlagt Landsdelskomando Nord-Norge sin kommando inntil varsel om at Kystverket si beredskapsavdeling har teke over aksjonsansvaret.

Fartya må vurderast nærare
Rapporten baserar seg på bruk av den havgåande fiskeflåten, som er sterkt representert utanfor kysten av Nord-Norge, for å halde/slepe havaristar inntil tilstrekkeleg slepeassistanse for slep til naudhamn eller verkstad er på plass. Om ein situasjon der det er behov for assistanse oppstår skal trålaren avbryte eventuelt fiske og segle mot oppgjeven posisjon. I rapporten vert tid som går med til å klargjere trålaren frå aktivt fiske til den er klar for å segle mot havaristen estimert til 30 minutt. Det er og sett som krav at alt mannskap på trålarane som skal nyttast til slepeassistanse har kurset ”Sikkerhetsopplæring for fiskere”.

Rapporten munnar ut i følgjande anbefalingar:

  • Eit lite utval farty vert vurdert nærare (skisse for korleis dette skal gjerast i rapporten)
  • Det vert halden ein fullskala-øving, for eksempel på Haltenbanken med ein tankar i venteposisjon (for eksempel ved Norne)
  • Det vert laga rammer for avtalar
  • Det vert avgjort korleis beredskapen skal organiserast
  • Det vert inngått avtalar for enkeltfarty
  • Det vert iverksett opplæringsprogram
  • Beredskapen vert iverksett

Bekymring for Russisk oljetransport
Rapporten er utarbeida etter at Fiskeriministar Svein Ludviksen og Fiskebåtredernes Forbund i sommar underskreiv ein intensjonsavtale om bruk av havgåande fiskebåtar til slepeberedskap ved eventuelle havari langs norskekysten.

Intensjonsavtalen, samt at Fiskeriministaren gjekk ut og lova ein styrking av slepebåtberedskapen skuldast den stadig aukande oljetransporten frå Russland. Då tankaren Moscow med 100.000 tonn olje ombord kom i drift utanfor Honningsvåg 25. juni var næraste slepebåt 10 timar unna. Denne episoden vart ein vekkar som avdekka alvorlege hol i beredskapen.

Kort tid etter denne hendinga gjekk fiskeriminister Ludviksen ut og sa at ei styrking av slepebåtkapasiteten i nord absolutt er nødvendig. Som eit strakstiltak vart det sett i gang ein anbudsrunde for å leige inn to beredskapsfarty som skulle plasserast i Finnmark.

Satsingar i statsbudjettet
I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett er betre sjøtryggleik og beredskap omtala som eit av hovudsatsingsområda til Fiskeridepartementet. Føreslegne tiltak er å styrke slepebåtkapasiteten i nord med tre farty, og at Kystverket leiger inn eit slepefarty som dekker Aust-Finnmark. Samstundes tek Forsvaret på seg å ha eit farty med slepebåtkapasitet i Vest-Finnmark/Nord-Troms.

Eit norsk-russisk samarbeid om å utvikle den totale norsk-russiske beredskapen er også i gong. Viktig i dette arbeidet er eit gjensidig varslings- og informasjonssystem for oljetransporten i Barentshavet.

Vidare er det føreslege at det pågåande arbeidet med ny trafikksentral i Vardø får ein startbevilgning på 2,5 millionar kroner i 2004. Den nye trafikksentralen for Nord-Norge skal stå ferdig innan 2007.

Eit anna tiltak for å betre sjøsikringa er utbygginga av såkalla AIS (Automatisk Identifikasjonssystem for skip) som skal stå ferdig i 2004. Dette systemet gjer det mogeleg å overvake skipstrafikken langs kysten ved at skipet sitt reiarlag, flaggstat, lastetype med meir vert rapportert. Totalt vil investeringane i AIS kome på 40 millioner kroner.

I pressemeldinga i høve statsbudsjettet nemner og Fiskeridepartementet at Kystverket har utarbeida ein oversikt over naudhamner og strandsettingsplassar langs kysten. Så vidt Bellona kjenner til vart denne oversikten utarbeida i 1995, men revidert i år. Også intensjonsavtalen med Fiskebåtredernes Forbund inngår som eit av tiltaka som er nemnt i statsbudsjettet.

Av andre tiltak for å betre sjøtryggleiken og beredskapen nemner Fiskeridepartementet at den utvida territorialfarvatngrensa på 12 nautiske mil og etableringa av påbodne seglingsleier vert sett i kraft. Bellona meiner dette er for nær land og har tidlegare foreslått at skip med farleg last må gå ut mot 35 nautiske mil frå kysten. Dette forslaget blei bl.a. sett fram i Bellona sin høyringsuttaling til «Forskrift om påbudte seilingsleder i territorialfarvann» som vart oversendt Kystverket i august i år. Norges Fiskarlag vil også ha farleg trafikk lenger ut og vedtok på sitt landsmøte i midten av oktober at moglegheita for å legge seglingsleiene for oljetankarar 40 nautiske mil utanfor grunnlinja vert utgreia snarast.


Katastrofal oljetrafikk
Det er heilt på det reine at oljevernberedskapen må forsterkast. Dagens beredskap er ikkje god nok, og Bellona har tidlegare kravd forbetringar på ei rekkje punkt. Med den aukande oljetransporten følgjer det og med større tankarar, og det kan ikkje utelukkast at tankarar på heile 300.000 tonn kan kome til å passere norskekysten. Berekningar Bellona har utført viser at oljetransporten frå Vest-Sibir som går langs norskekysten vi auke dramatisk innan ein 5-års periode. Estimat viser at ca. 80 millionar tonn olje årleg vil bli skipa ut frå Vest-Sibir.

Ny slepebåt på plass
Den siste utviklinga innan styrkinga av oljevernberedskapen i nord er slepebåten Skandi Beta som no er på veg til Øst-Finnmark der den skal vere permanent. Leigeavtalen for båten vart underskrive i går med Fiskeriministar Ludviksen til stades. Skandi Beta har ein slepekraft på 137 tonn.