Nyheter

Positive miljømøter på Bømlo

Miljøpatruljen i Bømlo.
Foto: Frederic Hauge/Bellona

Publiseringsdato: 1. september, 2004

Skrevet av: Hanne Bakke

- Eidesvik A/S er eit reiarlag som står i særklasse når det gjeld å sjå forretningsverdien av å satse miljøvenleg. Møter med desse og andre Bømlo-verksemder viser at viljen til å satse på dei gode løysingane er stor, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.

Miljøpatruljen:

Bellonas Miljøpatrulje ligg no til kai på Bømlo for andre dagen på rad og har nytta tida til møter både med næringslivet og kommuneleiinga. Det har vore møter med Rådmannen og andre i kommunen m.a. for å diskutere energiprosjekt i området.

– Vi har hatt mange positive møter desse dagane, og Bømlo har fleire spanande bedrifter som Bellona kan samarbeide med, seier Bellona-leiar Frederic Hauge. – I tillegg til ulike møter har vi og hatt ei rekke meir uformelle samtalar der vi opplever mykje støtte til Bellona sin tankegang om CO2-deponering, seier han.

Miljøpatruljen har også møtt skuleelevar og lokalpressa.

Miljøvenleg skipstrafikk
Både i går og i dag har Bellona hatt møter med B7-partnar Eidesvik A/S mellom anna for å gjennomgå status for flytande naturgass (LNG) og hydrogen brenselceller som drivstoff for skip.

Eidesvik A/S står bak verdas første offshore-forsyningsskip som nyttar flytande naturgass (LNG) som drivstoff. Skipet ”Viking Energi” vart sjøsett i april 2003 og går no mellom CCB-basen på Sotra og oljeinstallasjonane i Nordsjøen.

Bruken av LNG reduserer utsleppa av NOx med 85 prosent, CO2 med 20 prosent og SOX med 100 prosent i høve til konvensjonelle skip. For dette nybrotsarbeidet vart Eidesvik A/S, nominert til Thor Heyerdahls internasjonale maritime miljøpris 2003.

Eidesvik A/S har også ambisjonar om å byggje verdas første brenselcelle-forsyningsskip og dermed ta nullutsleppteknologien til havs.