Nyheter

355 millionar i minus på ubygde kraftverk

Slik skal det planlagte gasskraftverket på Kårstø sjå ut, om det nokon gong vert bygd.
Naturkraft

Publiseringsdato: 12. mai, 2003

Skrevet av: Hanne Bakke

Industrikraft Midt-Norge (IMN) har lagt planane om gasskraftverk i Skogn på is, og så langt tapt 160 millionar. Også Naturkraft sine to ubygde gasskraftverk er blitt eit pengesluk.
-- Vanvittig sløsing. Dei kunne like godt brent opp pengane, seier Frederic Hauge.

Naturkraft har konsesjon og utsleppsløyve til å bygge gasskraftverk på Kårstø i Rogaland og Kollsnes i Hordaland. IMN har fått godkjent sin søknad om å byggje eit kraftverk på Skogn i Nord-Trøndelag. Ikkje eit spadetak er teke på nokon av anlegga som til saman har kosta eigarane 355 millionar kroner.

160 millionar opp i røyk i Nord-Trøndelag
Industrikraft Midt-Norge sin årsrekneskap for 2002 er ikkje lystig lesnad for eigarane Elkem (50%), Statoil (20%), Norske Skog (10%), Nord Trøndelag Elektrisitetsverk (10%) og Trondheim Energiverk (10%). For nokre av eigaraner ikkje dette så store beløp, men for Nord Trøndelag Elektrisitetsverk og Trondheim Energiverk er dette tap som svir. I følgje Adressavisa har dei to trønderske energiselskapa tapt ca 20 millionar kvar og har no bokført eigne aksjar til null. I følgje 2002 rekneskapen til IMN gjekk selskapet med 41 millionar i underskot i fjor. Frå før har gasskraftanlegget kosta 120 millionar kroner.

Alle operative funksjonar flytta til Oslo
Aktiviteten i selskapet er på eit absolutt botnivå, men i følgje styret sin årsmelding er har dei ikkje heilt gitt opp håpet, sjølv om alle operative funksjonar no er overført til Elkem Energi i Oslo. Elkem overtok dette etter at dei rett før jul i 2002 auka sin eigardel i IMN til 50%, ved å kjøpe aksjane til det amerikanske selskapet Mirant. Mirant eigde 40% av IMN men vedtok å legge ned sine verksemder i Europa.

Statoil meinte planane burde skrinleggjast
IMN vart oppretta for å bygge og drive eit gassbasert kraftvarmeverk i Skogn, Nord- Trøndelag, og skulle bidra til industriutvikling i Midt-Noreg ved å levere energi til industrien og opne for infrastruktur for naturgass i landsdelen. Konsesjon og utsleppsløyve vart gjeven i november 2000, og endeleg stadfesta i 2001. Bellona påklaga i 2001 SFT sitt vedtak om å gje IMN utsleppsløyve for NOx og CO2.

Også frå eigarsida har det vore sett spørsmål ved om drifta i det heile ville kome i gong. To dagar før IMN skulle ha styremøte sommaren 2002 gjekk Statoil-sjef Olav Fjell ut og sa at gasskraftverket på Skogn burde skrinleggjast. IMN, skulda på si side Statoil for å ha opptrådd klanderverdig og skrudd gassprisen kunstig opp og dermed forhindra at det vart nokon gassavtale med IMN. Tidlegare hadde dei forhandla om ein gasspris på rundt 40 øre pr. kubikkmeter, men brått sette Statoil prisen opp til 70 øre pr. kubikkmeter, ein pris som ikkje var akseptabel for IMN.

Underskot også for Naturkraft
Andre i bransjen tapar også pengar. Naturkraft as, som er eigd av Statoil, Norsk Hydro og Statkraft, har berre hatt positivt resultat eit år sidan oppstarten i 1994. For 2002 var underskotet på 29 254 536 kr -ei forverring på omlag 4 millionar kroner frå året før. Totalt er underskotet for perioden frå oppstart t.o.m. innlevert årsrekneskap for 2002 på heile 195 627 926 kroner. Ein gjengangar i årsrekneskapen til Naturkraft er ”styret gjør oppmerksom på at 2/3 av aksjekapitalen teknisk sett er tapt, og forutsetter at aksjonærene foretar tilførsel av kapital som er nødvendig til driften videre”. Til tross for stadig underskot sprøytar investorane stadig inn meir kapital, i 2002 ble aksjekapitalen auka med 12 millionar, og styret anbefalar at det blir skote inn ytterlegare 30 millionar i ny kapital i 2003.

Naturkraft har enno ikkje bestemt seg for om gasskraftverka dei har konsesjon på skal byggjast eller ikkje. Til NRK Dagsnytt 03. mai sa styreleiar Gunnar Myrvang: «Det er i første rekke en bedriftsøkonomisk utfordring, når man ser på de langsiktige el-priser sett i forhold til de gasspriser man må betale i markedet. Før en investeringsbeslutning tas må man ha et el-prisnivå opp i mot 2002-nivået.»

Kunne fått 160 GwH vindkraft
Til samanlikning kunne ein for 355 millionar bygd ca 50 vindmøller som ville produsert 160 GwH miljøvenleg energi.

–Det ville vore ein mykje meir framtidsretta bruk av pengar seier Frederic Hauge. Han seier vidare at kvar einaste krone som no vert brukt på gasskraftverk utan CO2-handsaming er totalt bortkasta.