Nyheter

Shell-sjef med klimautspel

Publiseringsdato: 17. juni, 2004

Skrevet av: Hanne Bakke

Leiaren for Shell i Storbritannia, Ron Oxburgh, har sendt sjokkbølgjer gjennom oljebransjen etter at han i eit intervju med den britiske avisa the Guardian i dag seier at tanken på klimaendringar gjer han ”svært bekymra for planeten vår”. Han meiner ein så snart som råd må byrje med CO2-deponering.

–> CO2-deponering – vanskeleg men naudsynt
– CO2– deponering er vanskeleg, men om vi ikkje gjer dette ser eg svært lite håp for verda, seier Oxburgh. Han seier vidare at ingen kan føle seg komfortabel med framtidsutsikter som innebær at vi fortset å pumpe ut dei same mengdene karbondioksid som vi gjer i dag. Han meiner dette har konsekvenser vi ikkje heilt kan forutsjå, men som truleg ikkje er gode.

Det er venta at Oxburgh sine uttalingar vil opprøre mange i oljeindustrien. Ein industri som allereie vert stert kritisert fordi bruk av fossil energi fører til store utslepp av karbondioksid, kanskje mest synleg gjennom avgassar frå trafikk.

Oxburgh sine uttalingar følgjer opp dei Blair-regjeringa sin rådgjevar, David King, kom med i januar i år då han sa at klimaendringar utgjer ein større trussel for verda enn terrorisme.

Følsamt tema for oljebransjen
Oljeselskap som Shell og BP har vedgått at klimaendringane er eit problem og har lova å redusere eigne utslepp. Men dette er eit følsamt tema for oljebransjen og majoriteten av utspela frå den kanten fokuserer meir på usikkerheiten omkring klimaendringane enn risikoane endringane utgjer.

I juni 2002 sa leiaren for ExxonMobil, Lee Raymond, at selskapet ikkje såg det som vitskapleg bevist at det er nokon samanheng mellom fossil energi og global oppvarming.

CO2-debatt
Det er også venta at Shell-leiaren sitt utspel vil få i gang ein debatt omkring CO2– handsaming som løysing på klimaproblematikken. Det vart i fjor avdekt at ein på ministernivå i Storbritannia vurderte planar for eit nettverk av røyrleidningar som skulle frakte millionar tonn med CO2 frå kraftverk til deponering i geologiske formasjonar under Nordsjøen.

Tida renn ut
Oxburgh understrekar at tidsaspektet er viktig ettersom mange utviklingsland, Kina og India inkludert, sit på store lager med kol – truleg det fossile brenselet som ureinar mest.

– Vel dei å fyre med dette kolet er ikkje vi i vesten dei rette til å seie at det kan dei ikkje. For det var jo akkurat det vi gjorde under den industrielle revolusjonen, seier han.

Kjelde: The Guardian