Nyheter

Rekordstort hol i ozonlaget

Publiseringsdato: 16. september, 2003

Skrevet av: Hanne Bakke

I desse dagar er holet i ozonlaget over Antarktis rekordstort, og ekspertar fryktar at det vil auke ytterlegare i dagane som kjem.

Holet i ozonlaget over Antarktis er ikkje konstant men endrar seg i løpet året, for å vere på sitt største andre veka i september. I førre veke var holet på 28 millionar km2 (10,81 millionar square miles), noko som er hårfint under rekorden på 28,5 millionar km2(11 millionar square miles), og i følgje Planet Ark er det venta at denne rekorden no blir slått.

Mot ny dyster rekord
I 2002 byrja holet i ozonlaget å krympe og forskarar og andre vart optimistiske og håpa at det no ville byrje å trekke seg saman. Dette viste seg ikkje å vere tilfelle og i 2003 har aktiviteten igjen vore på eit meir ”normalt” nivå, og det ser altså ut som vi no får ein ny dyster rekord.

Forskar Jonathan Shanklin ved British Antarctic Survey (BAS) som var ein av forskarane som i 1985 oppdaga holet i ozonlaget, seier til Planet Ark forskarane framleis ikkje har funne svaret på kvifor ozonlaget er rekordstort i slutten av august. Han meiner tilbakegangen i fjor truleg var eit avvik årsaka av unormale forhold i atmosfæren.

Ozonlaget i stratosfæren beskyttar jorda si overflate mot skadelege ultrafiolett stråling som kan føre til hudkreft. Shanklin meirer likevel at det ikkje er nokon samanheng i det store holet i ozonlaget og det rekordhøge talet på hudkrefttilfelle, han meiner dette heller er eit resultat av folk sin endra livsstil.

Avtale om drivhusgassar må på plass
Forskarane veit ikkje om holet i ozonlaget no er på sitt absolutte største eller om det vil fortsette å utvide seg i åra framover. Shanklin meiner det må vere nær sitt absolutt største men at ein må avvente situasjonen enno eit tiår for å sjå om den negative utviklinga stoppar opp.

–I mellomtida er det viktig at landa som har forplikta seg til Montreal Avtalen overheld denne for å stogge bruken av kjemikaliar som skadar ozonlaget, seier Shanklin. Han understrekar også at inntil det vert innført ein tilsvarande avtale om drivhus-gassar er det umogleg å sjå kva effekt dette kunne fått på atmosfæra.

Kjelde: REUTERS NEWS SERVICE