Havets julekalender
Norrøna gjør det enkelt for deg å bidra i arbeidet med å restaurere tareskogen langs kysten av Nord-Norge. Meld deg på deres julekalender. For hvert ...
Nyheter
Publiseringsdato: 18. januar, 2010
Skrevet av: Andreas Kokkvoll Tveit
Nyheter
Bergens Tidende kunne søndag leggje fram ei undersøking som viser at av dei 344 søknader om ny eller endra konsesjon til utslepp som Klima- og forureiningsdirektoratet (KLIF, tidlegare SFT) har handsama sidan 2005, er det ingen som har fått avslag. Ofte har søknaden blitt innvilga utan innstrammingar, medan søkjaren i mange tilfelle fekk løyve til å sleppe ut mindre enn den ville.
– Spørsmålet er om det har sett seg ein forvaltningspraksis der alle som spør, får løyve, seier Anja J. Siverts, som arbeider med miljørett i advokatfirmaet Steenstrup Stordrange, til Bergens Tidende.
– Bør gje reine miljøråd
Rådgjevar Christine Karlsen i Bellona meiner KLIF lett kan komme i ei uheldig dobbeltrolle slik sakshandsamingssystemet fungerer i dag.
– Dei har rolla som rådgjevar, dei gjer løyve, dei er kontrollmyndigheit, og i somme tilfelle også politi på grunn av ein særskild påtaleregel i forureiningslova. Det er klart at somme av desse rollene kan komme i konflikt med kvarandre, og det blir vanskelig å kontrollere noko kanskje samme direktorat har gitt råd om, seier ho.
Ho meiner det også kan være uheldig at KLIF i ofte gir mer enn forureiningsmessige råd. Ofte leggjast det avgjerande vekt samfunnsmessige omsyn – til dømes at verksemda er ei hjørnesteinsbedrift.
– Ein kan jo spørje seg om ingeniørane hos KLIF har denne type kompetanse. Det mest føremålstenlege ville kanskje vere om fagdirektoratet gjorde dei forureiningsmessige vurderingane og eventuelt overlot politiske avveininger til Miljøverndepartementet i tilfelle der det blei klagesaker .
– Slik systemet er i dag, skjer dette ofte: Først mottek KLIF inn ein søknad frå ei bedrift om å få sleppe ut til dømes giftstoff til sjø eller luft. I svaret sitt skriv dei om dei negative miljømessige konsekvensane ved utsleppa, men konkluderer til slutt med at bedrifta likevel får innvilga søknaden.
Ho meiner KLIF i dag av og til går på akkord med eigne miljøfaglege vurderingar.
Meiner krava er strenge
– Dersom KLIF si rolle kun hadde vore å gjere miljøfaglege vurderingar, ville det nok oftare blitt open usemje mellom KLIF og andre myndigheitsorgan. Dette ville kanskje vore mindre behageleg for politikarane, men det ville vore betre for miljøet, og kanskje også for demokratiet, seier ho.
Til NTB seier Signe Nåmdal i KLIF at det stillast strenge krav, sjølv om ingen får avslag. Ho meiner at søkjarane har sett seg inn i krava på førehand, og difor sender inn søknader som kan godkjennast.
Karlsen i Bellona meiner KLIF må bli betre til å stille krav om best tilgjengeleg teknologi for å få ned utsleppa frå verksemder.
– Det finnast mykje utsleppsreduserande teknologi som ventar på ein marknad eit og krav fra styresmaktene om å bli tatt i bruk. I mange tilfelle kan nok bedriftene få eit vilkår om at utsleppa skal reduserast med ein viss mengde over eit tidsrom. Det vil gje verksemdene høve til å føreseie kva vilkår dei opererer under, og det vil ikkje minst gje mindre utslepp.
Les meir om saka her på Nationen sine nettsider.
Les også KLIF sitt lesarinnlegg i Bergens Tidende, som var eit tilsvar til artikkelen der.
Norrøna gjør det enkelt for deg å bidra i arbeidet med å restaurere tareskogen langs kysten av Nord-Norge. Meld deg på deres julekalender. For hvert ...
«På bare ett år har det svenske batterieventyret gått fra drøm til mareritt», skriver Aftenposten 28. november. Men globalt vokser batterimarkedet i ...
Bellona har deltatt på klimaforhandlingene siden starten, og noterer framgangen innen kvotehandel og finansiering som viktige skritt i riktig retning...
Russland er i ferd med å trekke seg fra en internasjonal miljøavtale. Avtalen sørget for milliarder i internasjonal finansiering til opprydning av So...