– En god begynnelse
– Bellona applauderer at regjeringen nå tør å sette tydelige krav for dødelighet i oppdrettsnæringen. Dødeligheten har vært altfor høy altfor lenge, ...
Nyheter
Publiseringsdato: 5. november, 2004
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
I England har no miljøvernminister Elliot Morley gått ut og bede om støtte til ein plan for CO2-deponering i havbotnen under Nordsjøen. Morley la fram forslaget måndag under eit møte i London-konvensjonen. Heile denne veka har regjeringsmedlemar frå fleire land vore samla under konvensjonen sitt møte, og CO2-deponering er noko av det som har vore diskutert. I følgje dagens avtaletekstar både i London-konvensjonens 96 protokoll og OSPAR-konvensjonen er rein deponering/lagring av CO2-under havbotnen ikkje lov når det kan karakteriserast som "dumping". CO2 som trykkstøtte til meiroljeutvinning (EOR), og lagring som ein del av produksjonsprosessen, er derimot lov.
–> – Ny tilnærming
– CO2-deponering blir diskutert under London-konvensjonen sitt møte akkurat no, og eit av punkta som vert behandla er korleis slik deponering forheld seg til dumpeforbudet i 1996-protokollen til konvensjonen, seier avdelingsdirektør Per W. Schive i Miljøverndepartementet til Bellona Web.
– CO2-deponering under havbotnen har i lengre tid vore jurist-mat for juristane tilknytt OSPAR-kommisjonen, men ein vil no gripe fatt i dette med ein annan tilnærming, seier Schive. Han påpeikar at det ikkje er juristane som har siste ordet i denne saka, men at det er viktig at andre faggrupper kjem med innspel på kva CO2-deponering under havbotnen har for totaleffekt på miljøet.
OSPAR er som London-konvensjonen ein internasjonal avtale for å motverke ureining av det marine miljøet. Men i motsetnad til London-konvensjonen, som er internasjonal, gjeld OSPAR for Nordaust-Atlanteren.
Føre-var prinsippet
I tillegg til dumping av ulike typar avfall i sjøen omfattar også OSPAR-konvensjonen m.a. hav og havbotn (sjå faktaboks). CO2-deponering i geologiske formasjonar under havbotnen og t.d. i gamle oljefelt er noko som må klarerast i høve til denne konvensjonen før slike prosjekt kan setjast i gong. Spørsmålet om CO2-deponering i det marine miljøet vart teke opp på OSPAR sitt kommisjonsmøte i 2002, og 18. mai i år kom OSPAR sine juristar med ein rapport. Denne understrekar at kva som er lovleg er avhengig av:
Om metoden inneber forureining og i høve til dette skal føre-var-prinisppet nyttast. Kva formålet er (vitskapeleg, olje-/gassproduksjon, dumping), og kva transportmåte (skip, plattform, røyrleidning frå land).
Det som i alle høve er klart er at bruk av CO2 til EOR ikkje er forbode under OSPAR, det er heller ikkje lagring i undergrunnen som ein del av produksjonsprosessen. Det er heller ikkje naudsynt med konvensjonsendringar for å nytte dette teknikkane.
– Erfaringane tilseier at OSPAR som regel ligg i forkant med dette arbeidet og dei konklusjonane som vert trekte der vert også innlemma i London-konvensjonen, seier Per W. Schive.
–> Bellona med innspel
– Paradoksalt nok har det sett ut som internasjonale avtalar som skal ivareta miljøet kan vise seg å vere til hinder for utviklinga av gode løysningar for CO2-deponering som klimatiltak. Slik kan det ikkje vere, og Bellona er glade for at ein no vil tilnærme seg dette frå ein anna vinkel enn den reint juridiske, seier Beate Kristiansen, leiar for Bellona sitt energiarbeid.
Bellona er ein av dei organisasjonane som vil kome med innspel til OSPAR og vil da ta føre seg aspekt som tryggleik, den totale miljøeffekten av CO2-deponering og den meir lokale effekten på det marine miljøet.
Førebels tiltak
I Storbritannia sa miljøvernminister Elliot Morley dagen før møtet i London-konvensjonen til avisa The Independent at regjeringa sin fyrsteprioritet er å redusere utsleppa av klimagassutslepp, men at CO2-deponering er noko ein vil vurdere som førebels tiltak.
– Skal vi gå vidare med dette alternativet trengst det internasjonalt engasjement, spesielt for å forsikre oss om at tryggleiken er ivareteken i høve til det marine miljøet, sa Morley til the Independent.
Om andre regjeringar også går inn for planane ynskjer Morley å sette ned ei rekke arbeidsgrupper for å sjå på kor gjennomførbar ein slik plan er og korleis tryggleiken ved eit slikt prosjekt kan sikrast.
Får Morley i gang dette prosjektet er det potensiale for at Storbritannia berre i Nordsjøen kan lagre CO2 i ein mengde tilsvarande landet sine utslepp 100 år.
Ambisiøse klimaplanar
I februar 2003 presenterte den britiske regjeringa ambisiøse planar om å redusere landet sine CO2-utslepp med 60 prosent innan 2050. Dette skal m.a. gjerast ved å doble andelen elektrisitet frå fornybare kjelder innan 2020 i høvet til det eksisterande 2010-målet om 20 prosent. Regjeringa lova da og ei ekstra løyving på 60 millionar pund til prosjekt innan fornybar energi i tillegg til at totalen som skal brukast på fornybar energi i løpet av fire år vert auka til 348 millionar pund.
I august i år sa den britiske energiministeren Stephen Timms at deponeringsplanane kan setjast ut i livet i 2020, og dei mest eigna stadene for å lagre CO2 er i brukte olje- og gassreservoar under Nordsjøen. Energiministeren sa og at ein ikkje kjem utanom CO2-handsaming for å nå landet sine klimamål.
Sjå og Bellona Web sin seksjon om CO2-fjerning.
– Bellona applauderer at regjeringen nå tør å sette tydelige krav for dødelighet i oppdrettsnæringen. Dødeligheten har vært altfor høy altfor lenge, ...
Bellona-stifter Frederic Hauge jubler over at Morrow Batteries får 1,5 milliarder kroner i statlige lån, slik de har bedt om. – Jeg er lettet og stol...
«En seier som kan koste oss dyrt», skriver Dagsavisens kommentator 5. desember, og antyder at SVs gjennomslag for å stoppe konsesjonsrunden på havbun...
«På bare ett år har det svenske batterieventyret gått fra drøm til mareritt», skriver Aftenposten 28. november. Men globalt vokser batterimarkedet i ...