
IMO: Viktige grep mot begroing og vaklende steg mot nullutslipp
Rene skipsskrog og utslippskutt fra skipsfarten stod på agendaen da medlemslandene i FNs sjøfartsorgan IMO møttes i London i forrige uke. Bellona gle...
Nyheter
Publiseringsdato: 11. juni, 2003
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
I følgje LA Times har Høgsterett gått med på å behandle ei klage frå oljeselskapa og dieselmotor fabrikantane, som meiner lokale reglar kjem i konflikt med nasjonale standardar. Klaga vert grunngjeven med at den nasjonale Clean Air Act må ta presedens over lokale reglar for utslepp frå bil. Bilprodusentane har og levert inn klage fordi reglane gjer det umogeleg for bilistar i Los Angeles å kjøpe køyretøy som er lovlege å kjøpe i andre delar av California.
Opnar for lokale reglar
Saka kan sette sluttstrek for ein debatt som har gått i Sør-California der dei har store problem med smog, men den kan også få innverknad i andre forureina område. California har sett seg føre å vere i forkant med sine tiltak mot forureining, og andre statar og byar i USA har ofte fulgt etter på program som har verka i California. Ein dom i 9. rettsdistrikt i San Francisco i fjor slo fast at dei lokale reglane skal gjelde.
Dommen frå San Francisco gjer det mogeleg for lokale myndigheiter å påleggje ulike utslepsstandarder ved kjøp av nye køyretøy, noko som opnar opp for at ein får eit utal ulike utsleppsgrenser rundt om i USA. Dette undergrev myndigheita til Enviromental Protection Agency og går i mot kongressen sine besluttningar, seier Engine Manufacturers Association i sitt brev til Høgsterett.
Reglar ved ny-bil kjøp
Stridens kjerne er reglar for forureining til luft for offentlege og private transportfirma med bilparkar på meir enn 15 køyretøy. Reglane pålegg eigarane av slike bilparkar berre å kjøpe bilar som har lågt utslepp eller som går på alternativt drivstoff, når ein skal erstatte køyretøy eller utvide bilparken. Som alternativ til bensin eller diesel vert både naturgass, propan og elektrisitet rekna.
Reglane vart innført i 2000 og gjeld for bilparkar med køyretøy som bussar, minibussar brukt på flyplassar, taxiar, limousinar, søppelbilar og andre lastebilar. Reglane gjeld i Los Angeles, San Bernadino, Riverside og Orange County som til saman har det største problemet med luftkvalitet i heile USA.
Bilar er hovudårsak til dette problemet, og utslepp frå diesel vert rekna som den mest betydningsfulle giftige luftforureinaren i regionen i følgje dommen frå San Francisco.
Rene skipsskrog og utslippskutt fra skipsfarten stod på agendaen da medlemslandene i FNs sjøfartsorgan IMO møttes i London i forrige uke. Bellona gle...
– Det vi ser her i dag er ikke en havbruksmelding, det er en laksemelding, sa Bellonas seniorrådgiver Silje Båtsvik Risholm om den nye havbruksmeldin...
– Neste elbilgode vi skal promotere er at vi skal ha kun en fil for fossilbiler og resten av veien er til elbil og kollektiv trafikk, sa en lattermil...
– Klimameldingen var regjeringens siste sjanse til å få gjennom ny og ambisiøs politikk. Den er nå forspilt, sier fagsjef Christian Eriksen i Bellona...