Havbruk i det grønne skiftet
– Dette blir den største omstillingen av det moderne Norge som vi har vært med på, sa Bellonas internasjonale sjef for fag og strategi, Joakim Hauge,...
Nyheter
Publiseringsdato: 23. april, 2003
Skrevet av: Hanne Bakke
Nyheter
Norland Consultans skriv på nettstaden sin Petrobase News at prøveboringa på norsk sokkel i år vil ligge heilt på linje med talet på brønnar som er bora årleg dei siste 10 åra. Oljeindustrien har hevda at det berre vil bli drilla seks-sju leitebrønnar i år, men i følgje Petrobase News vil det bli gjort 20 leiteboringar, to meir enn i fjor. I tillegg er det mogeleg det skal drillast 10-11 brønnar til som følgje av vidare undersøkingar frå oljeselskapa. Dette er i såfall over det årlege gjennomsnittet på norsk sokkel i perioden 1993-2003, og vil vere det høgaste talet på leite- og avgrensinsbrønnar bora i Noreg sidan 1998.
— Svartmålingstaktikken er ikke utypisk for oljebransjen, og krisemaksimeringa deira er sjølvsagt gjort for å få sleppe til i Lofoten og Barentshavet, seier jurist Christine Karlsen i Bellona.
Oljebransjen har problem med truverdigheiten
Det dystre biletet som har vore teikna av situasjonen i oljeindustrien har fått myndigheitene til å signalisere at dei vil gå inn med tiltak for å støtte oppunder eit høgt aktivitetsnivå innan oljeboringa. Dette basert på inntrykket av at boringa ville falle til eit historisk botnpunkt. Den påstått lave aktiviteten har av oljeindustrien vorte brukt som eit argument for å få regjeringa til å opne opp nye område i nord, og for å få tilgang på meir areal i Norskehavet. No viser altså tala frå Norland Consultans at realiteten er ein heilt anna og at svartmålinga frå oljeindustrien ikkje har rot i røynda.
— Oljebransjen sin truverdigheit søkk i takt med talet på avslørte løgner, seier Christine Karlsen. Ho seier vidare at dette må få konsekvensar for bransjen – kampen for eller mot petroleums verksemd i nord er no sterkt prega av at ein av spelarane stadig juksar.
Statoil med flest prøveboringar
Statoil ser ut til å bli den mest aktive operatøren med fem stadfesta prøveboringar i år. For tida held Conoco Philips på med boring på Tomeliten Alpha, og PGS-eigde Pertra vil no i april bore ein leitebrønn på deira Varg felt. Esso vi bore på det såkalla Hvitveis-prospektet i mai og Isak-prospektet i juni. I juli planlegg Agip å bore ein leitebrønn i blokk 6406/1. Norsk Hydro har stadfesta prøveboring i blokk 35/8, men dette kan endre seg ettersom den planlagte prøvebrønnen deira i blokk 30/11 i Nordsjøen ventar på godkjenning. Shell har gjort ferdige seismiske undersøkingar i det såkalla Garn Sentral blokka, og vil prøvebore der seinare i år. Marathon vil bygge vidare på lovande funn i ein prøveboring nær Heimdal feltet, og seier dei planlegg å bore 2-3 fleire testbrønnar i år.
Steensnæs avventar
Olje- og energiminister Einar Steensnæs vil ikkje trekke nokon konklusjonar ut frå rapporten til Norland Consultants, men vil avvente til den nye konsekvensutgreiinga for oljeleiting i Lofoten og Barentshavet ligg føre.
– Dette blir den største omstillingen av det moderne Norge som vi har vært med på, sa Bellonas internasjonale sjef for fag og strategi, Joakim Hauge,...
Bellonas seniorrådgiver Olav Fjeld Kraugerud talte torsdag 17. oktober for Næringskomiteen på Stortinget i forbindelse med statsbudsjettet for 2025. ...
– Jeg har tro på en framtidig bærekraftig cruise-industri, rett og slett fordi næringen ikke har noe valg, sa seniorrådgiver maritim og Arktis i Bell...
Det er behov for tydelige endringer i statsbudsjettet 2025 for at Norge skal innfri sine klima- og naturforpliktelser. Denne uka har Bellona vært hos...