Nyheter

SFT utset klagefrista

Publiseringsdato: 10. november, 2004

Skrevet av: Hanne Bakke

SFT har bestemt seg for å utvide klagefrista på Hydro sin prøveboring i Barentshavet med ei veke. Dette fører til at det skal halde hardt for Hydro å nå sitt borevindauge som går ut i mars.

Bellona og Natur og Ungdom oppmoda SFT om å utsette klagefristen på vedtaket om Hydro sin boring av leitebrønn 7220/6-1 med fire veker – SFT har no utsett den med ei veke.

–> – Det er positivt at SFT no vel å utsette fristen, men vi er sjølvsagt ikkje heilt nøgde med at dette blir gjort med berre ei veke. Utsetjinga vil uansett gjere det vanskeleg for Hydro å nå sitt borevindauge som er fram til 20. mars, seier Guro Hauge, ansvarleg for olje og gass i nord i Bellona sin energiavdeling.

Udokumenterte påstandar
Bellona og Natur og Ungdom har lenge vore sterkt kritiske til søknaden til Hydro, som inneheld ei rekke udokumenterte påstandar. Hydro har m.a. ikkje lagt fram informasjon om kva kjemikaliane inneheld. Også ein forskingsinstitusjon som Havforskingsinstituttet i Bergen har vore strekt kritisk til dette.

– Vi forventar at myndigheitene har eit godt nok grunnlag for slutningar før klagen vert avgjort. Det er uakseptabelt om Hydro slepp unna med så tynn dokumentasjon, seier Hauge. Ho understrekar at Bellona forventar at SFT tek ein grundig gjennomgang av saka og krev dokumentasjon for alle påstandane Hydro kjem med i sin søknad.

SFT har i sitt vedtak sagt at saka er kompleks, men godt nok opplyst til at høyringsinstansane kan vurdere vedtaket. Bellona og Natur og Ungdom er ikkje einig i dette og ba i sin høyring om svar på en rekke spørsmål. Dette har SFT ikkje gjort.

Ber på nytt om informasjon
Noko av det Natur og Ungdom og Bellona ba om informasjon om var nettopp om dei ulike komponentane i dei kjemikala som skal nyttast ved Hydro sin leiteboring på brønn 722076-1. Ein etterspurde m.a. informasjon om testane som er gjort for bioakkumulering, bionedbrytbarheit og marin akutt giftigheit.

Det er 12 veker sidan Bellona og Natur og Ungdom sendte inn høyringa, og organisasjonane har ikkje motteke informasjon frå SFT. Eit krav om miljøinformasjon kan avvisast om det er for generelt formulert eller ikkje gjev tilstrekkeleg grunnlag for å identifisere kva kravet gjeld. Før eit krav kan avvisast skal informasjonssøkaren i rimeleg grad gjevast vegleiing til å utforme kravet på ein måte som gjer at det kan behandlast.

– Vi har ikkje motteke noko informasjon om dette. Fyrst under eit møte med SFT 5. november fekk vi opplyst at ein må be om spesielt innsyn. Sidan vi etter 12 veker ikkje har motteke den informasjonen vi har bede om, anna enn munnleg svar på møtet, sender vi no ein eigen oppmoding om innsyn, seier Guro Hauge.

Ho er svært forundra over at SFT prøver å snike seg unna sine oppgåver som forvaltningsorgan. – Dei har plikt til å gje oss informasjon og svare på spørsmål som er sentrale i saka. No må miljøverndepartementet gripe inn, krev Hauge.